From Wikipedia, the free encyclopedia
Sykkylven kyrkje er ei firekanta arbeidskyrkje på Aure i tettstaden Sykkylven i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1990 og bygd i betong og teglstein. Ho har ein frittståande klokkestopul. Arkitekt for bygget var Oskar Nordervald. Kyrkja fekk ein pris ved Nordisk kyrkjebyggarkonferanse i Bergen i 1992.
Sykkylven kyrkje | |||
kyrkje | |||
Sykkylven kyrkje Foto: kirkenorge.no | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Austre Sunnmøre prosti | ||
Sokn | Sykkylven | ||
Fellesråd | Sykkylven kommune | ||
Arkitekt | Oskar Nordervald | ||
Material | Betong og teglstein | ||
Innvigd | 1. påskedag 1990 | ||
Stopul | Ja | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | ca. 800 | ||
Sykkylven kyrkje 62.393611111111°N 6.5816666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sykkylven kirke | |||
Inventaret er frå byggeåret eller seinare. Kyrkja har har kring 800 sitjeplassar. Kyrkja har særleg god akustikk og vert difor ein del brukt til konsertar.[1]
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Den førre Sykkylvskyrkja brann ned 2. februar 1983. Ho var frå 1883.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.