slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sturnus er ei biologisk slekt av starar. Taksonomien for denne gruppa er kompleks, og det er monaleg variasjon mellom autoritetar i synet på kva artar som høyrer inn i denne slekta, og for artsgrenser innanfor Sturnus. Silkestare og sotstare er asiatiske artar, stare og middelhavsstare er begge opphavleg europeiske. Den europeiske typearten og middelhavsstare er spesielt nært nærskylde, og dannar ei viss grad hybridar kor utbreiinga overlappar i sørvestlege Frankrike og nordaustlege Spania. Silkestare og sotstare er nært i slekt og kan høyre til Acridotheres eller si eiga slekt.[1] Arten stare frå Europa har blitt introdusert til Sør-Afrika, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Dei nordlege hekkeartane er heilt eller delvis trekkfuglar, og overvintrar i varmare strøk.
Sturnus | |
Stare Sturnus vulgaris faroeensis, bilete frå Mykines, Færøyane, mai 2008 Foto: Arne List | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Starefamilien Sturnidae |
Slekt: | Sturnus Linnaeus, 1758 |
Sturnus-starar er artar som lever på bakken, dei rører seg bortetter ved å gå heller enn å hoppe. Dei hekkar inne i hòl i tre eller i bygningar. Dei er altetande og beitar stort sett på bakken, er spesialistar i å ta virvellause dyr like under overflata. Dette er tilrettelagt av tilpassingar i skalle og muskulatur, som gjer fuglane i stand til å søkje med opne nebb. Sistnemnde tilpassing har mogleggjort spreiinga av denne slekta frå fuktig tropisk Sør-Asia til kjøligare regionar i Europa og Asia.
Fjørdrakta i denne gruppa er variabel, men alle artane har velkjent, trekanta vengeform.
Sturnus-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.