Strutsefuglar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Strutsefuglar (engelsk ratite) er ei gruppe av fugleartar utan flygeevne med uklår taksonomisk rangering innanfor overordenen Paleognathae. Den biologiske systematikken for strutsefuglar er under endring. Tidlegare var omgrepet strutsefuglar assosierte med den biologiske ordenen Struthioniformes som samla artar utan flygeevne i Paleognathae.[1] Struthioniformes har nyleg blitt omdefinert til å halde berre strutsefamilien Struthionidae.[2][3] Paleognathae samlar både strutsefuglar og dei flygedyktige tinamuar, Tinamidae. Til forskjell frå dei andre fugleartane som ikkje flyg, så manglar strutsefuglane brystbeinskam på brystbeinet, sternum. Utan brystbeinskam til feste for vengemusklar, så ville ikkje desse fuglane kunne flyge sjølv om dei hadde utvikla venger.
Strutsefuglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Palaeognathae |
Overorden: | Strutsefuglar Ratitae Ranzani, 1823 |
Ordenar | |
Struthioniformes Rheiformes Casuariiformes †Aepyornithiformes †Dinornithiformes Apterygiformes |
Nyare forsking har indikert at strutsefuglar er ei parafyletisk gruppe, at dei flygedyktige tinamuar, Tinamidae passar inn i gruppa, og at tinamuar er ei systergruppe til dei nyleg utdøydde moafuglane.[4][5][6][7] Dette medfører dessutan at manglande flygeevne er ein eigenskap som utvikla seg uavhengig og fleire gonger i ulike utviklingslinjer innanfor Paleognathae.[6]
Strutsefuglane har opphav frå Gondwana. Store delar av det som tidlegare var Gondwana har i dag strutsefuglar, eller har hatt strutsefuglar i fortida.[8][9]