Beinfiskar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Beinfiskar (Osteichthyes) er ein overklasse ryggstrengdyr som omfattar alle fisk med forbeina skjelett. Me delar han inn i to klassar ut frå korleis finnane er bygd opp; kjøtfinnefiskane har finnemusklane integrert i sjølve finnane medan strålefinnefisk berre har dei ved finnerøtene. Dei fleste beinfiskane høyrer til teleostane.
Kjappe fakta
Beinfiskar | |
Paradisfisken Macropodus opercularis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes Huxley, 1880 |
Lukk
Tidlegare rekna ein beinfiskane som eigen klasse, men dette har ein seinare funne ut at er systematisk unøyaktig. Sidan ein normalt ikkje reknar tetrapodane (amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr) med i ho, vert gruppa parafyletisk. Omgrepet er likevel mykje i bruk, både i og utanfor fagmiljø.