From Wikipedia, the free encyclopedia
Ekte beinfiskar eller teleostar (Teleostei) er ein infraklasse strålefinnefisk som omfattar 20 000 kjende artar i omkring 40 ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppstod i triastida.
Ekte beinfiskar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei Müller, 1846 |
Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerande virveldyra på kloten.
Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevane ut or sjølve munnen.
Halefinnen er homoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinnen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.