fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Storvengpetrell (Pterodroma macroptera) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien med sirkumpolar utbreiing over hav, til vanleg i eit belte mellom ca. 30 og 50° sør.
Storvengpetrell | |
Foto frå Tasmania, Australia Foto: JJ Harrison | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Storvengpetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Pterodroma |
Art: | Storvengpetrell P. macroptera |
Vitskapleg namn | |
Pterodroma macroptera Smith, 1840 |
Fuglen er heilt mørkebrun med unntak av eit variabelt bleika område nær nebbrota. Nebbet er svart. Han kan skiljast frå grålire og smalnebblire med den heilt mørke undervengen, det tjukke, butte nebbet, og ulike jizz (særpreg). Den liknande lysbeinlire har eit lyst rosa nebb og skiljast med det. Petrellar i slekta Procellaria er større og flyg med mindre byksande flygemønster.
Han hekkar på den sørlege halvkula mellom 30 og 50 grader sør med hekkekoloniar på Tristan da Cunha, Gough Island, Crozet-øyane, Prince Edward Islands, Kerguelen-øyane og på kysten av Sør-Australia og nordlege New Zealand. Han er ein sjeldan tilfeldig gjest til Stillehavet utanfor kysten av California, USA.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.