Stortingsrepresentantar 1814
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Stortingsrepresentantar 1814 er ei oversikt over stortingsrepresentantane til omframstortinget i 1814 som trådde i kraft høsten 1814. Til saman var det 79 representantar frå 33 valkrinsar, av desse var 57 representantar frå 19 landkrinsar og 22 representantar frå 14 bykrinsar. I tillegg var det tre suppleantar.[1]
På grunn av tidspress og lange avstandar, vart det ikkje tid til å velje representantar frå Nord-Noreg.
Det seinare Jarlsberg og Larviks amt bestod av to valkrinsar, det same gjorde Nedenæs Amt og Lister og Mandals Amt.