Remove ads
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Hilmar Meincke Krohg (fødd 1. januar 1776 i Trondheim, død 13. august 1851 i Molde)[1] var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Hilmar Meincke Krohg | |||
Hilmar Meincke Krohg på eit måleri frå Eidsvoll 1814 | |||
Fødd | 1. januar 1776 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 13. august 1851 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, Fylkesmann | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Mor | Anna Meincke Krohg | ||
Far | Nicolai Frederik Krohg | ||
Barn | Otto Theodor Krohg | ||
Alle verv |
|
Krohg gjekk ut av Trondheim katedralskole i 1794. Deretter studerte han jus ved universitetet i København, men oppheldt seg i Noreg 1795-97. Han tok juridisk embetseksamen i 1799. Han gjorde teneste som volontør i Danske Kancelli og arbeidd som privatsekretær for presidenten i kanselliet, Frederik Moltke.[1] Han reiste til Noreg og dreiv eigedomane Munkvoll og Kystad i Trondheim etter faren døydde.
Krohg vart utnemnd til amtmann i Finnmarken i 1807. Fire år seinare, 1811, overtok han amtmannsembetet i Romsdals amt. Frå 1811 til januar 1814 var han elles konstituert stiftamtmann i Trondhjems stiftamt. Han var amtmann i Romsdal i 29 år, tok avskjed 1840 med kongens «naadigste Tilfredshed med hans lange og tro Tjeneste».
1814 møtte Krohg på riksforsamlinga på Eidsvoll, kor han slutta seg til sjølvstendepartiet.[3] Han var visepresident 9.-16. mai, og medlem av finanskomiteen. Møtte på det overordentlege storting 1814, der han var lagtingspresident, men møtte ikkje i 1818 då han var sjuk. Innvald til stortinget på nytt i 1824 og i 1830. I 1824-sesjonen var han formann i komiteen for handels- og næringsfridom, og komiteen for utvikling av Finnmark.
År 1826 reiste Krohg rundt om i Finnmarken som formann i den kongelege kommisjonen som skulle kome forslag til åtgjerder som kunne hjelpe på utviklinga ("oppkomst") av amtet. 1830 var han på ny formann i komiteen som arbeidde med å utvikle Finnmark, og formann i kyrkjekomiteen.
Krohg døydde på garden sin, Nøjsomhed, i dåverande Bolsøy (no Molde).
Krohg var son av generalvegmeister Nicolai Frederik Krohg og Anna Meincke og bror av Broder Lysholm Krohg. Hilmar Meincke Krohg gifta seg med Cecilia Edel Sophie Stub og fekk mellom anna sonen Otto Theodor Krohg.[1]
Krohg vart tildelt Dannebrogordenen, Nordstjerneordenen og Vasaordenen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.