fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Springvaktlar er ein biologisk familie av 16 fugleartar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Leveområde for desse fuglane er varmt grasland i Sør-Spania, Asia, Afrika og Australia.
Springvaktlar | |
Raudbrystspringvaktel Turnix pyrrhothorax | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Springvaktlar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Springvaktlar Turnicidae G. R. Gray, 1840 |
Springvaktlar er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Hofuglane er mest fargerike og tar initiativ til paringsleik. Til forskjell frå dei fleste andre fuglar er artane i denne familien polyandriske, hofuglar sirkulerer blant fleire hannar og held rivaliserande hoar borte frå territoriet ho gjer krav på. Begge kjønna samarbeider i å byggje reiret på bakken, men berre hannen rugar på egga og syter for ungane. Rugetida er på 12 eller 13 dagar, og ungane er flygedyktige innan to veker etter klekking.
Springvaktlar liknar vaktlar utan at familiane er nært relaterte. Tradisjonelt var springvaktlar klassifisert som tranefuglar eller som hønsefuglar, Galliformes. No er springvaktlelfamilien tatt med i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes.[1]
Springvaktlar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.