norsk popsong frå 2019 med KEiiNO From Wikipedia, the free encyclopedia
«Spirit in the Sky» ('ånd i himmelen') er ein norsk-samisk popsong som vart utgjeven 25. januar 2019. Songen vert framført av gruppa KEiiNO, som består av Tom Hugo, Fred Buljo og Alexandra Rotan. «Spirit in the Sky» vann Melodi Grand Prix 2019 og vart dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019.[2] I Tel Aviv kom «Spirit in the Sky» på ein sjetteplass, som var den beste plasseringa til Noreg sidan fjerdeplassen til Margaret Berger med «I Feed You My Love» i 2013. «Spirit in the Sky» vann telefonavrøystinga og var dimed det mest populære bidraget blant sjåarane. Men juryane hadde songen nede på ein 18. plass, og «Spirit in the Sky» enda til slutt på en sjetteplass samanlagt. «Spirit in the Sky» var den 23. mest populære singelen i Noreg i 2019, og han vart nominert til ein spellemannpris i kategorien «årets låt».[3][4]
«Spirit in the Sky» Song av KEiiNO | ||
Land | Noreg | |
Språk | Engelsk, nordsamisk | |
Utgjeve | 25. januar 2019[1] | |
Sjanger | Elektropop, dance, joik | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | Hugoworld AS | |
Komponist | Fred-René Buljo, Tom Hugo, Alexandra Rotan | |
Låtskrivar(ar) | Tom Hugo, Fred Buljo, Alexandra Rotan, Henrik Tala, Alex Olsson og Rüdiger Schramm | |
---|---|---|
«Spirit in the Sky» vart til då songaren og låtskrivaren Tom Hugo Hermansen og ektemannen Alex Olsson ønskte å skrive ein låt som tok for seg historiske kampar for likeverd – anten det dreier seg om etnisitet, kjønn eller seksuell legning.[5] I den samanhengen tok dei kontakt med den samiske rapparen og låtskrivaren Fred Buljo som vart med på å skrive låten. Dei tok også kontakt med songaren Alexandra Rotan, og saman skreiv dei «Spirit in the Sky» med hjelp frå den finske musikkprodusenten Henrik Tala og tyske Rüdiger Schramm.[5]
Låtskrivarane sende songen inn til Melodi Grand Prix 2019, og songen var plukka ut som ein av ti låtar til å delta i den norske finalen. Tom Hugo Hermansen, Fred Buljo og Alexandra Rotan framførte han saman, som bandet KEiiNO.
«Spirit in the Sky» er ein poplåt med element av elektronika, dance og joik, og han fekk blanda mottaking av musikkmeldarar etter utgjevinga 25. januar 2019. Aftenposten kalla han «som skapt for Eurovision»,[6] medan Dagbladet gav songen terningkast 2 og omtala han som ein «syntetisk bastard med et uforståelig kvasisamisk innslag».[7] Musikkmeldaren i VG gav songen terningkast 4 og kalla teksta for noko «naturbarnsvevende tøv om å danse med feer, lytte etter ting som bæres med vinden og sjelens reise over himmelen», og la til at songens «fornøyelige og skamløse kulturelle appropriasjon er artig. Dette kan bli moro live».[8] Meldaren i NRK gav låten terningkast 5 og kalla låten ein «elektronisk leken perle» og en «skikkelig episk sak som kan være akkurat så sprøtt at det sendes rett til Tel Aviv».[9] «Spirit in the Sky» gjekk også til topps på oddslistene etter offentleggjeringa av songane 25. januar.[10][11]
I Melodi Grand Prix laurdag 2. mars 2019 var «Spirit in the Sky» eit av ti bidrag. Songen var det tiande og siste bidraget på scena og kvalifiserte seg til gullfinalen saman med tre andre låtar. Til slutt innfridde «Spirit in the Sky» favorittstempelet og vann Melodi Grand Prix med over 231 000 røyster – nesten 70 000 røyster framfor andreplassen Adrian Jørgensen med «The Bubble».[12]
Med sigeren i Melodi Grand Prix vart «Spirit in the Sky» det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[13] I januar 2019 vart Noreg trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Noreg hadde startnummer 15.[14] I avrøystinga vart «Spirit in the Sky» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[15] I finalen hadde songen også startnummer 15.[16]
Etter at fagjuryane hadde røysta, låg «Spirit in the Sky» på 18. plass, men songen vann telefonavrøystinga med 291 poeng og enda samanlagt på ein sjetteplass med 331 poeng.[17] Dette var den beste plasseringa til Noreg i Eurovision Song Contest på seks år, sidan Margaret Berger og «I Feed You My Love».[18][19]
Etter finalen i Melodi Grand Prix påpeika brukarar i sosiale medium at vinnarlåten «Spirit in the Sky» var lik det finske bidraget «Monsters» med Saara Aalto frå Eurovision Song Contest 2018. Fleire av dei internasjonale juryane i den norske finalen meinte det same og gav låten trekk då dei skulle bedømme låtane.[20] Musikkmeldaren i VG, Tor Martin Bøe, meinte låtane hadde «klare likhetstrekk». Musikalsk leiar for Melodi Grand Prix, Stig Karlsen, var einig i at songane hadde visse likskapar, men la til at «Spirit in the Sky» er «et hav unna å være plagiat».[20] Låtskrivaren Tom Hugo Hermansen avviste også plagiatskuldingane og la til: «melodien i både Monsters-låten og vår er innom fire toner som utgjør en mollakkord. Rytmen og lengden på tonene er ikke lik, og disse fire tonene er å finne i mange andre låter».[21]
8. mars 2019 debuterte «Spirit in the Sky» på ein tredjeplass på norske VG-lista. Dette var den høgaste listeplasseringa til ein norsk Melodi Grand Prix-vinnar på sju år, sidan Tooji og «Stay» i 2012.[22] I veke 21, etter den internasjonale finalen rykka låten opp til fyrsteplass på VG-lista.[23] Dette var fyrste gongen på åtte år at ein norsk Melodi Grand Prix-vinnar toppa lista, og fyrste gongen på sju år at eit bidrag til Eurovision Song Contest toppa lista. I dagane etter finalen nådde «Spirit in the Sky» også ein tiandeplass på den internasjonale iTunes-lista.[24]
Liste (2019) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[25] | 61 |
Belgia Belgia, Flandern (Ultratip)[26] | 19 |
Estland (Eesti Tipp-40)[27] | 11 |
Europa Euro Digital Songs (Billboard)[28] | 5 |
Frankrike (SNEP – Nedlasting)[29] | 22 |
Irland (Irish Singles Chart)[30] | 84 |
Island (Tónlistinn)[31] | 11 |
Hellas (IFPI Digital Singles)[32] | 53 |
Nederland (Single Top 100)[33] | 59 |
Noreg (VG-lista)[34] | 1 |
Skottland (Official Charts Company)[35] | 7 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[36] | 61 |
Storbritannia (UK Download)[37] | 7 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[38] | 7 |
Sverige (Sverigetopplistan)[39] | 33 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.