Spansk bolero
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bolero er ein spansk dans i 3/4-takt som var populær seint på 1700- og tidleg på 1800-talet. Han oppstod frå seguidilla ein gong mellom 1750 og 1772,[2] og blei særs populær i Madrid, La Mancha, Andalusia og Murcia i 1780-åra.[3][4] Bolero blei framført som solo- eller pardans med moderat seint tempo, akkompagnert av gitar og kastanjettar, og med teksta i form som seguidilladikt.
Sebastián Cerezo er rekna som ein av dei fyrste og beste dansarane i sjangeren.[2] Ifølgje Zamácola y Ocerín dansa Cerezo sakte, og hans særmerkte måte å dansa på markerte den definitive overgangen frå seguidilla til bolero (av voleo, jf. vuelo, 'flyging, flukt').[2] Denne opphavleg sakte måten å dansa på blei gjort kjend av dansaren Requejo frå Murcian kring 1800 som respons på den raskare måten å dansa bolero på som då var blitt utbreidd.[2] Dansen gjekk for det meste ut av bruk på midten av 1800-talet, men overlevde i ein akademisk tradisjon kjend som escuela bolera, som påverka utviklinga av moderne flamencodans. Ein av palos (stilane) i flamenco er direkte avleidd frå denne dansen, seguidillas boleras. På 1900-talet gjorde populariteten til flamenco til at escuela bolera nesten heilt forsvann, men han er blitt halden ved live i Sevilla. Sjangeren har også sett spor i verja til mange klassiske komponistar som Maurice Ravel, som skreiv det vidkjende verket Boléro.