![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/97/144_Museu_de_la_M%25C3%25BAsica%252C_castanyoles.jpg/640px-144_Museu_de_la_M%25C3%25BAsica%252C_castanyoles.jpg&w=640&q=50)
Kastanjett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kastanjett er eit perkusjonsinstrument av typen klappetre. Instrumentet består av eit par konkave skal som er bundne saman i den eine enden, typisk med ein diameter på kring 6-8 cm. Desse kan ha form som eit muslingskal, ei flat skål eller ei skei.[1] Holromma vender mot kvarandre, og fungerer som resonator.[1] Skala blir haldne i handa og blir brukte til å få fram rytmiske aksentar og/eller ein klaprande lyd, fått fram ved ein serie av raske klikk. Som regel blir instrumentet brukt parvis med eit kastanjettpar i kvar hand.
Kastanjett | |||
![]() | |||
Klassifisering | concussion vessels | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 111.141 |
Kastanjettar blir tradisjonelt laga av hardtre, som rosentre. Ein kan også laga dei av nøtteskal, glasfiberforsterka kunstmateriale eller metall.[1]
Ordet «kastanjett» kjem frå gresk kastanea (kastanje); og som nemning for eit musikkinstrument frå spansk castañetas (‘små kastanjar’).