From Wikipedia, the free encyclopedia
Edelkastanje (Castanea sativa) er eit lauvfellande tre som framfor alt veks i Middelhavslanda. Det kan vekse lengst sør i Skandinavia og iblant få mogne nøtter der. Kastanjetre liknar eik i form og storleik, og blir nesten like gamle, sjølv om dei veks raskare til full storleik. Blomstrane veks i store oppreiste klasar.
Edelkastanje | |
Edelkastanje | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av edelkastanje | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Fagaceae |
Slekt: | Castanea |
Art: | Edelkastanje C. sativa |
Vitskapleg namn | |
Castanea sativa |
«Kastanjane» som veks i Noreg, er av ein annan art, hestekastanje (Aesculus hippocastanum), som er giftig.
Frukta på kastanjen er ei nøtt som sit gruppevis to eller tre i eit tjukt takket skal. Nøttene frå ekte kastanje er etande og har difor lenge vore dyrka av menneska. Gjennom mellomalderen kom kastanjen til nordlegare breidder og vart ofte dyrka av munkar i klosterhagar. I dag kan ein finne hundreårige tre rundt om i Sentral- og Vesteuropa. Den smakrike nøtta brukast til konfekt eller vert rista (dvs steikt). Dei er populære i Italia, Frankrike og spesielt på Korsika. Nøttene kan ristast heile, eller dei vert malne til kastanjemjøl som brukast i ymse matrettar. «Kastanjane» som veks i Noreg er av ein annan, giftig, art.
Veden frå kastanje er tett og tung og kan brukast till snikkararbeid og vinfat. Av barken kan ein framstille tannin.
Treet blir også brukt som prydplante. I Noreg finst det ofte som ein busk, og utviklar sjeldan nøtter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.