Smetana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Smetana er eit mjølkeprodukt frå Sentral- og Aust-Europa som blir framstilt av uhomogenisert syrna fløyte. Det har blitt hevda at smetana er eit produkt av russisk opphav.[1] Smetana minner om crème fraîche (28 % feitt), men sidan det ikkje har blitt homogenisert, skil det seg ikkje når det blir kokt eller brukt i varme rettar.[1] Dei mest anvende smetana-variantane har 15–30 % feittinnhald,[2] og er meir syrlege enn crème fraîche.[1]