![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/40/Cr%25C3%25A8me_fra%25C3%25AEche.jpg/640px-Cr%25C3%25A8me_fra%25C3%25AEche.jpg&w=640&q=50)
Crème fraîche
From Wikipedia, the free encyclopedia
Crème fraîche eller creme fraiche[1] ([IPA: krɛm frɛʃ], fransk for ‘frisk fløyte’) er ein tjukk fløyte som er syrna med ein bakteriekultur, men ikkje så sur eller tjukk som rømme.[2] Crème fraîche var opphavleg eit fransk produkt, men er idag tilgjengeleg også andre stader.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/40/Cr%C3%A8me_fra%C3%AEche.jpg/640px-Cr%C3%A8me_fra%C3%AEche.jpg)
Hovudskilnaden på rømme og crème fraîche er at crème fraîche er homogenisert. Difor er crème fraîche godt egna til å koke, noko rømme ikkje er sidan han lett sprekk ved koking.[3]