![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/af/Battle_of_Lauffeldt.jpg/640px-Battle_of_Lauffeldt.jpg&w=640&q=50)
Slaget ved Lauffeld
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Lauffeld[a 1] fann stad 2. juli 1747,[3] under den franske invasjonen av Nederland i den austerrikske arvefølgjekrigen. Moritz av Sachsen (eller Marskalk Saxe) kommanderte dei franske styrkane mot den pragmatiske armeen, som var ein samla styrke av britar og hannoveranarar under Hertugen av Cumberland, og Dei sameinte Nederlanda, kommanderte av fyrsten av Orange, ved Lauffeld (eller Lafelt, i dag ein del av Riemst), like vest for Maastricht. Cumberland rykte fram for å slå ei avdeling av den franske armeen kommandert av fyrsten av Clermont som Saxe hadde sendt for å lokke den pragmatiske armeen i rørsle. Saxe marsjerte så med hovudstyrken til slagmarka han hadde sett seg ut for å utmanøvrere dei.
Kjappe fakta Dato, Stad ...
Slaget ved Lauffeld | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen | |||||||
![]() Marskalk Moritz av Sachsen i slaget ved Lauffeldt. Nyare måleri av Pierre Lenfant. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() | ||||||
Kommandantar | |||||||
![]() ![]() ![]() |
![]() | ||||||
Styrkar | |||||||
60 000 | 80 000 | ||||||
Tap | |||||||
8000[1] 16 kanonar |
8700[2] Inkludert 1500 tekne til fange |
Lukk
Kjappe fakta
Mollwitz – Chotusitz – Dettingen – Toulon – Pfaffenhofen – Fontenoy – Hohenfriedberg – Soor – Hennersdorf – Kesselsdorf – Roucoux – 1. Finisterre – Lauffeld – 2. Finisterre – Havanna |
Lukk