![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cc/F%25C3%25BCrst_Carl_von_Waldeck_und_Pyrmont.jpg/640px-F%25C3%25BCrst_Carl_von_Waldeck_und_Pyrmont.jpg&w=640&q=50)
Karl August av Waldeck og Pyrmont
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karl August Friedrich av Waldeck og Pyrmont (24. september 1704–29. august 1763) var fyrste av Waldeck og Pyrmont og kommandant for dei nederlandske styrkane under den austerrikske arvefølgjekrigen.
Karl August av Waldeck og Pyrmont | |||
![]() | |||
Fødd | 24. september 1704 Hanau | ||
---|---|---|---|
Død | 29. august 1763 Bad Arolsen | ||
Hus eller slekt | Huset Waldeck | ||
Land | Tyskland | ||
Mor | Louise av Zweibrücken-Birkenfeld | ||
Far | Friedrich Anton Ulrich | ||
Ektefelle | Christiane Henriette, grevinne Palatine av Zweibrücken | ||
Barn | Georg I., Friedrich Karl August, Caroline av Waldeck-Pyrmont, Christian August, Louise av Waldeck-Pyrmont |
Han var andre son av Friedrich Anton Ulrich av Waldeck-Pyrmont og Louise av Zweibrücken-Birkenfeld.. I 1728 døydde faren og den eldre broren Kristian Filip, så han vart den nye fyrsten.
I den austerrikske arvefølgjekrigen vart han utpeikt som kommandant av den nederlandske armeen av statsgeneralen av Nederlanda, som ei motvekt til Vilhelm IV av Orange, som var heilt avhengig av svigerbroren hertugen av Cumberland.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/F%C3%BCrst_Carl_von_Waldeck_und_Pyrmont_und_seine_Familie.jpg/640px-F%C3%BCrst_Carl_von_Waldeck_und_Pyrmont_und_seine_Familie.jpg)
Den nederlandske armeen under Waldeck vart slått i slaget ved Fontenoy, slaget ved Rocoux og slaget ved Lauffeld.
I 1746 vart han feltmarskalk i Det tysk-romerske riket.