Hanau
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hanau er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg 25 km aust for Frankfurt am Main der elva Kinzig munnar ut i Main, som renn gjennom byen.
Hanau | |
---|---|
Rådhuset i Hanau | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Først nemnd i | 1143 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
76,49 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
88 251 1 154/km² |
Koordinatar | 50°8′0″N 8°55′0″E |
Høgd over havet | 104 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 63450-63457 |
Telefon-retningsnummer | 06181 |
Bilnummer | HU |
Heimeside: www.hanau.de |
Hanau vart først nemnd i 1143 og fekk byrettar i 1303.
På slutten av 1500-talet lét grev Filip Ludvig II protestantiske flyktningar frå Nederland slå seg ned nær Hanau, og desse førte med seg flinke gullsmedar. Av den grunn vert det framleis utdanna gullsmedar her.
På 1800-talet vart Neustadt, som han vart kalla, slått saman med Hanau. På denne tida var Hanau eit senter for den demokratiske rørsla i Tyskland og medverka mykje til den tyske revolusjonen i 1848. I 1848 vart Turnerbund grunnlagd her, eit turnforbund.
Under den andre verdskrigen vart Haunau nesten jamna med jorda etter britiske luftåtak i mars 1945, berre dagar før byen vart erobra av den amerikanske hæren.
Kjende attraksjonar er Goldschmiedehaus (tidlegare rådhus, Altstädter Rathaus), Schloss Philippsruhe og kurstaden Wilhelmsbad med park. Wildpark Alte Fasanerie er ein tradisjonsrik viltpark.
På markedsplassen står nasjonalminnesmerket for Grimm-brørne, rett føre Neustädter Rathaus. I nærleiken ligg Wallonisch-Niederländische Kirche, der Deutsche Turnerbund vart grunnlagd.
Den såkalla Deutsche Märchenstraße (eventyrruta) byrjar i Hanau og endar i Bremen. Hanau er òg utgangspunkt for den hessiske eplevinruta.
I adventstida kan ein sjå den største adventskalenderen i Hessen, då dei 24 vindauga i Neustädter Rathaus vert utsmykka av kunstnarar med strålande bilete som vert avdekte eitt og eitt i løpet av adventstida.
På onsdagar og laurdagar vert det arrangert marked på Marktplatz med bondeprodukt frå nærliggande Wetterau og Spessart.
Schloss Philipsruhe ved breidda av Main er eit stort slott som kan vitjast.
Hanau er fødestad for følgjande personar:
Hanau er venskapsby med Dartford i Storbritannia, Tottori i Japan, Jaroslavl i Russland, Conflans-Sainte-Honorine, Francheville og Pays de Hanau i Frankrike, Doorn i Nederland og Waltershausen i Thüringen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.