Skjeberg prestegard
prestegard i Sarpsborg kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skjeberg prestegard er ein prestegard som ligg like ved Skjeberg kyrkje i Sarpsborg kommune i Østfold.
Prestegarden er frå 1700-talet og er freda ved vedtak etter Kulturminneloven. Bygningane består av ein hovudbygning med to fløyer, der den eine (austfløya) er tilknytta hovedbygningen. Vestfløya var òg slik opphaveleg, men vart flytta i 1806.[1] Garden har framleis gardsdrift, og vert driven som forpaktingsbruk.
I overgangen mars/april 1716 vart prestegarden nytta som hovudkvarter for svenske styrkar under leiing av generallöjtnant von Aschenberg.[2]
Prestegardshagen er ein barokkhage som vart grunnlagd etter krigen i 1716 av presten Andreas Weideman.[1]