![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/63/Skjeberg_kirke_100520084214_rk_85456.jpg/640px-Skjeberg_kirke_100520084214_rk_85456.jpg&w=640&q=50)
Skjeberg kyrkje
kyrkje i Sarpsborg i Østfold / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skjeberg kyrkje er ei langkyrkje av stein frå omkring år 1100 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart utvida av ein «Bottolf Steinmester» ca. 1300 og vart òg utvida midt på 1700-talet. Då fekk ho dessuten to såkalla gravkapell, der det eine eigentleg er eit overbygg til eit monument. Etter fleire rundar med oppussing vart kyrkja i 1968 ført attende mot slik ho var på 1700-talet.
Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Skjeberg kyrkje | |||
kyrkje | |||
Skjeberg kyrkje Foto: Erlend Bjørtvedt | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Søndre Borgesyssel | ||
Sokn | Skjeberg | ||
Fellesråd | Sarpsborg | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 1100 | ||
• Endringar | 1300, 1750 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1623 | ||
Døypefont | 1100-talet | ||
Altartavle | Bilete måla av Eggert Munch e. Rembrandt, 1760 | ||
Sitjeplassar | 360 | ||
Diverse | Epitafium av J.H. Rawert over Ole Christopher Wessel, 1794. Runestein i sørveggen. To gravkapell. | ||
![]() Skjeberg kyrkje 59.22888889°N 11.18972222°E / 59.22888889; 11.18972222 | |||
Wikimedia Commons: Skjeberg kirke | |||
Lukk
Kyrkja vart opphavleg oppført i romansk stil, men har gotisk inngangsportal. To runesteinar er innfelt i sørveggen. Kyrkja har 360 sitjeplassar og mykje gamalt inventar, ikkje minst døypefonten frå 1100-talet, som har relieff av Kristus, apostlar og heilagmenne.
Prestegarden ligg like attmed kyrkja.