Sillimanitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sillimanitt er eit aluminiumsilikat med same kjemiske samansetjing som andalusitt og kyanitt, Al2SiO5 (polymorfi). Det krystalliserer rombisk. Mineralet opptrer oftast i fibrige aggregat (fibrolitt) og kan vere fargelaust, kvitt, grått eller brunt. Det finst i regionalmetamorfe bergartar og er vanleg fleire stader i Noreg, til dømes i Bamble og i området Søndeled–Songe på Sørlandet. Ved oppvarming til 1300 °C blir det danna eit høgeldfast material (mullitt), men sillimanitt finst ikkje så rikeleg at det har nokon særleg økonomisk tyding.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
Sillimanitt | |||
Skinande krystallar av sillimanitt (til 3 cm) i ein skifermatriks frå Norwich i New London County i Connecticut | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Al2SiO5 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AF.05 | ||
Dana-klassifisering | 52.02.02a.01 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk (2/m 2/m 2/m) | ||
Einingscelle | a = 7,47 Å, b = 7,66 Å, c = 5,75 Å; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus eller kvit til grå, òg brun, gul, gul-grøn, grå-grøn, blå-grøn, blå; fargelaus i tynne delar | ||
Krystallform | prismatiske krystallar, trådaktig, nåleforma | ||
Krystallsystem | Ortorombisk - Dipyramidal | ||
Kløyv | {010} perfekt | ||
Brot | Flisete | ||
Fastleik | Hard | ||
Mohs hardleiksskala | 7 | ||
Glans | Glasaktig til nær diamantaktig, silkeaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3,24 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,653 - 1,661 nβ = 1,654 - 1,670 nγ = 1,669 - 1,684 | ||
Pleokroisme | fargelaus til bleik brun til gul | ||
2V-vinkel | 21 - 30° | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Lukk
Sillimanitt er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Benjamin Silliman (1779–1864). Det vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Chester i, Middlesex County i Connecticut i USA.[3]