islandsk post-rock-band From Wikipedia, the free encyclopedia
Sigur Rós er eit islandsk post-rock-band, som byrja å spele saman i august 1994. Musikken til bandet blir omtalt som eksperimentell, ambient og symfonisk. Bandet er oppkalla etter litlesystera til vokalisten Jón Þór Birgisson, Sigurrós («sigersrose»).
Sigur Rós | |||
I Reykjavik i 2005. | |||
Opphav | Island | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1994– | ||
Sjanger | Post-rock Eksperimentell rock Dream pop Ambient Progressiv Rock Shoegazing | ||
Plateselskap | Fatcat Records Geffen EMI Smekkleysa | ||
Medlemmer | Jón Þór Birgisson Georg Hólm Orri Páll Dýrason | ||
Tidlegare medlemmer | Ágúst Ævar Gunnarsson Kjartan Sveinsson | ||
Prisar | Shortlist Music Prize, MOJO Awards, Icelandic Music Awards |
Sigur Rós blei stifta av Jón Þór Birgisson (vokal og gitar), Georg Hólm (bass) og Ágúst Ævar Gunnarsson (trommer) i august 1994. Medlemene møtte kvarandre på skulen,[1] og spelte inn sin første demotape i eit lite studio i Reykjavik. Dei rakk berre å spele inn songen Fljúgðu på den korte tida dei fekk i studioet.
Bandet sende opptaket til plateselskapet Smekkleysa, som er driven av medlemene i det no oppløyste islandske rockebandet Sykurmolarnir (The Sugarcubes). Songen blei utgitt på samlealbumet Smekkleysa í hálfa öld saman med seksten spor av andre islandske artistar, deriblant Björk.
Etter utgivinga begynte dei å arbeide med det fyrste albumet sitt, Von. Arbeidet tok lengre tid enn bandet hadde rekna med, og dei var heller ikkje heilt nøgde med det ferdige resultatet. Sigur Rós drøfta å forkaste innspelingane, men fann ut at det ville ta for lang tid å starte med blanke ark. Von blei gitt ut av Smekkleysa Records i 1997. Trass i relativt gode kritikkar, blei berre 313 eksemplar selde det fyrste året etter utgivinga. Året etter gav dei ut remiksalbumet Von brigði.
Sommaren 1998 starta bandet innspelinga av Ágætis byrjun med produsent Ken Thomas. Albumet blei gitt ut på Island i 1998. Singelen Svefn-g-englar blei gitt ut i Storbritannia i 1999 av plateselskapet FatCat Records, noko som markerte starten på det internasjonale gjennombrotet til bandet. Utgivinga av heile albumet følgde året etter i Storbritannia, og i den nord-amerikanske marknaden i 2001.
I 2002 gav bandet ut albumet ( ), som vart sunge på eit fiktivt språk som bandet sjølv kallar vonlenska (norsk: vonlandsk eller håplandsk). Vonlandsk har ingen ord eller grammatikk, men er samansett av tonar og ljodar. Bandet hadde tidlegare brukt vonlandsk i andre songar på tidlegare album, mellom anna i songen Olsen Olsen frå albumet Ágætis byrjun og på tittelsporet frå debutalbumet Von.
I 2005 gav bandet ut albumet Takk..., med singlane Glósóli og Hoppípolla, som har vorte mykje brukte som musikk for reklamar.
I 2008 gav bandet ut albumet Með suð í eurum við spilum endalaust (norsk: Med støy i øyro spelar vi endelaust). Dette albumet hjelpte Sigur Rós vidare inn som eit kjent namn i populærmusikken, og inneheldt Sigur Rós sin fyrste song sungen på engelsk; All Alright. Resten av albumet er sunge på islandsk, med nokre fåe innslag av vonlandsk.
I 2010 gav Jónsi ut eit eige soloalbum, kalla Go. Sigur Rós som band tok seg ein pause, for at medlemma skulle få høve til å vere med familiane sine.
I mars 2012 annonserte Sigur Rós at dei ville gje ut nytt album den 28. april 2012. Albumet skulle heite Valtari, og songen Ekki Múkk frå albumet vart lagt ut på nettsidene deira.
I 2013 gav dei ut Kveikur.
I september 2018 vart Orri anklaga av artisten Meagan Boyd for seksuelle overgrep.[2][3] 1. oktober 2018 uttala han at han hadde bestemt seg for å slutte i bandet.[4]
Orri Páll Dýrason blei trommeslagar i staden for Águst Ævar Gunnarsson like etter innspelinga av Ágætis byrjun.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.