Semjonovskij
From Wikipedia, the free encyclopedia
Semjonovskijøya (russisk о. Семёновский') var ei øy i sørvest i Nysibirøyane aust i Laptevhavet. Før ho forsvann var ho 4 km² og ei av dei minste øyane i øygruppa. I 1945, like før ho forsvann, steig klippene 24 meter over havet.[1][2]
I tida etter ho vart oppdaga forsvann Semjonovskij gradvis før ho forsvann heilt mellom 1952 og tidleg i 1960-åra. Ho hadde eit areal på 4,6 km² i 1823, 0,9 km² i 1912, 0,5 km² i 1936 og 0,2 km² in 1945. I 1950 var det berre eit lite skjer att og i 1952 var ho erodert ned til ein liten sandbanke som låg like under havoverflata. Då ein vitja Semjonovskijøya tidleg i 1960-åra hadde ho forsvunne heilt og i området der ho låg var havbotn i snitt 10 meter djupt, men det minste djupet var på 20 cm.[1][2]
I. Ljakhov, ein kjøpmann frå Jakutsk oppdaga øya i 1770. Han fann ho ved å følgje ein enorm reinsdyrsflokk over havisen. Tsarina Katarina II av Russland belønna han for å ha oppdaga denne og ei anna øy i Nysibirøyane og han fekk eineretten til å samle elfenbein på dei.[3]