fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Rypesniper, Thinocoridae, er ein familie av ordenen Charadriiformes, vade- måse- og alkefuglar. Dette er små vadefuglar som er tilpassa plantediett. Familien er delt i to slekter, Attagis og Thinocorus, kvar med to artar. Familien har søramerikansk distribusjon, i regionane Andes og Patagonia. Slektskapen med dei andre familiane i ordenen Charadriiformes er usikre, har det vore ymta om at slettevandrarar i Australia, samt bladhøns og riksesniper er dei næraste slektningane deira. Spesielt slettevandrarar har likskap med rypesniper i næringsopptak, men dei skil seg markert i avlsbiologi. Det engelskspråklege namnet 'seedsipe' er misvisande, fordi desse fuglane ikkje liknar ekte sniper, har kort nebb, små hovud og frø er ikkje ein betydeleg del av føda.
Rypesniper | |
Punarypesnipe, Thinocorus orbignyianus Foto: Wikimedua-brukar Opisska | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Rypesniper Thinocoridae Gray, 1845 |
Rypesniper liknar ryper, vaktlar og sandhøns, men har lengre venger. Artane i slekta Thinocorus er minst med variasjon i storleik frå sporv til ei snipe, medan Attagis er større, som ei fjellrype. Dei har korte bein, lange tær og korte haler. Fargene i fjørdrakta er generelt kamuflerande. Artane hos Thinocorus viser kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, steggane har grå farge i ansiktet, nakken og på brystet.
Habitat for rypesniper er krevjande, og inkluderer eng, grassletter, halvørkenar og høgfjell. Rustrypesnipa lever opp til snøgrensa eller til 5 500 moh.
Eit kull er på 2-3 egg og vert lagt i ei lita grop på bakken.
Rypesniper i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.