Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Sogndal og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Innlandet og 195,5 km i Vestland.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 55 (fleirtyding).
Meir informasjon Strekning, Informasjon ...
Fylkesveg 55
55
Strekning
HøyangerDragsvik
SogndalLom
Fylkesveg 55
Informasjon
Lengd 248,1 km
Status
Fylke
fylkesveg
nasjonal turistveg
Innlandet
Vestland
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 Fylkesveg 55 613
Restriksjonar
Vinterstenging Sognefjellet
(november - mai)
Nattestenging Sognefjellet
(vinter)
Lukk

Strekninga mellom Stedje og Hella ferjekai vart i 2010 utskild som Riksveg 55, og frå 2019 del av Riksveg 13.[1]

Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.[2]

Turistvegen

Vegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta (1410 moh) der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.

I tillegg er traséen mellom Dragsviki og Balestrand del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, sjå Fylkesveg 613.

Vegen vidare

Vegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.

Kommunar og knutepunkt

Innlandet

Lom kommune
Thumb
Fylkesveg 55 ved Fantesteinen

Vestland

Thumb
Fylkesveg 55 ved Turtagrø
Luster
Thumb
Hafslovatnet. Solvorn ligg nedst i dalen i midten
Sogndal
Thumb
Kvinnefossen ligg ca. 2 km aust for Hella ferjekai
  • tunnel Kræklingen tunnel (337 m)
  • tunnel Tussviktunnelen (520 m)
  • tunnel Kongsnestunnelen (245 m)
  • tunnel Høyangertunnelen (7543 m)
Høyanger
  • Høyanger
  • tunnel Kvernhaugtunnelen (1334 m)
  • tunnel Hovdetunnelen (1283 m)
  • Kommunal veg til Nordeide ferjekai (0,2 km) → ferje Ferje frå Nordeide via Måren til Fv5442 Ortnevik (4-7 turar/dag)
  • tunnel Vadheimstunnelen (1658 m)
  • Fylkesveg 55 Vadheim, Førde

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.