Vangsnes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vangsnes
Remove ads

Vangsnes er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein ferjestad i Vik kommune i Vestland.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Garden Vangsnes har truleg namnet etter Vangsen 'plogskjeret', eit skjer i sjøen utanfor Vangsnes. I eldre tid var det tre klyngjetun på Vangsnes: Indreneset, Midtun og Ytreneset. Stølane til Vangsnes er Kallbakk, Kleivadalen, Endresete, Godstøl og Gjelet. Staden er mest kjend den store statuen av Fridtjof den frøkne, som keisar Wilhelm II av Tyskland fekk sett opp i 1913. [1]

Thumb
Vangsnes sett frå Holmen i Balestrand.
Foto: Matt Sachtler
Thumb
Fridtjof den frøkne.
(Max Unger)
Statue på Vangsnes
Foto: Nina Aldin Thune
Thumb
Utsikt frå lia oppom Holmen i Balestrand. Vangsnes er neset som stikk ut i Sognefjorden frå høgre. Ferjene på fjorden er på veg mellom Vangsnes i Vik kommune, Hella i Leikanger og Dragsvik i Balestrand kommune.
Foto: Olivier Bruchez

Frå Vangsnes ferjekai går trekant-ferjesambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik over til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden.

Remove ads

Kommunesoge

Då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 høyrde Vangsnes sokn til Leikanger. I 1850 vart Balestrand oppretta ved at Leikanger vart deld og Vangsnes vart då del av den nyoppretta Balestrand kommune. Det neste, og til no siste, kommuneskiftet kom i 1964 då Vangsnes vart overførd til Vik.[2] Etter grenseendringane i 1964 gjekk kommunegrensene i dette området etter fjorden, slik at Balestrand kommune berre femnde område på nordsida av Sognefjorden, og Vik kommune berre på sørsida.

Remove ads

Vangsnes sokn

Vangsnes er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangsnes kyrkje frå 1861.[3] Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet.[4]

Vangsnes sokn høyrde fram til og med 1849 til Leikanger prestegjeld, då vart Tjugum sokn, Fjærland sokn (Mundal) og Vangsnes sokn skilde ut til det nye Balestrand prestegjeld. Ved kommunegrenseendringa i 1964 vart Vangsnes sokn overførd til Vik prestegjeld.[5]

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads