Rovde
tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rovde er ein kyrkjestad og tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke. I 1837 var Rovde del av Herøy formannskapsdistrikt.
Rovde | |||
stad | |||
Rovde kyrkje på Rovdestranda, fastlandsdelen som vart innlemma i Vanylven Foto: Henny Stokseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Vanylven | ||
Postnummer | 6141 ROVDE | ||
Rovde kommune 62.175°N 5.7380555555556°E / 62.175; 5.7380555555556 |
1. januar 1905 vart Rovde skild ut frå Sande som eigen kommune med 610 innbyggarar.[1] Sande var allereie 1. januar 1867 skild ut frå Herøy som eigen kommune.[2]
1. januar 1964 vart Rovde kommune delt, og den delen av kommunen som låg på Gurskøya, saman med gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen i Herøy kommune, og dåverande Sande kommune, vart slått saman til den nye Sande kommune. Den delen av Rovde som gjekk inn i Sande, hadde 562 innbyggarar.[3]
Frå same dato vart Rovdestranda med 436 innbyggarar slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.[4]
Riksveg 652 går gjennom Rovdestranda.
Rovde kyrkje er frå 1872.