From Wikipedia, the free encyclopedia
Ronald Wilson Reagan (6. februar 1911–5. juni 2004) var ein amerikansk politikar og skodespelar. Han var president i USA frå 1981 til 1989, og guvernør i California frå 1967 til 1975. Reagan høyrte til Det republikanske partiet.
Ronald Reagan | |||
| |||
Fødd | 6. februar 1911 Tampico | ||
---|---|---|---|
Død | 5. juni 2004 (93 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det republikanske partiet i USA (1962; 2004) | ||
Yrke | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, politikar, sjølvbiograf, karakterskodespelar, manusforfattar, offiser, skodespelar, fagforeiningsleiar, speaker, statsmann, stemmeskodespelar, dagbokskrivar, livredder, antikommunist, game show-programleiar, kunstsamlar | ||
Institusjonar | Warner Bros. | ||
Utdanna ved | Dixon High School Eureka College | ||
Mor | Nelle Wilson Reagan | ||
Far | Jack Reagan | ||
Ektefelle | Jane Wyman, Nancy Reagan | ||
Barn | Maureen Reagan, Patti Davis, Ron Reagan, Christine Reagan, Michael Reagan | ||
Medlem | American Legion Screen Actors Guild Tau Kappa Epsilon | ||
Føregangar | Jimmy Carter | ||
Etterfylgjar | George H.W. Bush | ||
Alle verv |
|
Ronald Reagan vaks opp i enkle kår i Dixon i Illinois. Han oppnådde ein bachelorgrad i økonomi og sosiologi ved Eureka college.[1] Han flytta seinare til Iowa for å arbeida i radio. I 1937 fór han til Los Angeles, der han byrja karrieren sin som skodespelar. Han var president i Screen Actors Guild. I 1950-åra vart han talsmann for General Electric. Han var opphavleg demokrat, men vart republikanar i 1962.[2] I 1964 heldt han ein berømt valtale for presidentkandidaten til Det republikanske partiet Barry Goldwater og skaffa seg mange tilhengjarar. Frå 1967 til 1975 var Reagan guvernør i California. I 1976 var Reagan nær å utmanøvrera Gerald Ford i presidentnominasjonen til republikanarane. I 1980 vart Reagan presidentkandidat og slo den sitjande presidenten Jimmy Carter.
Som president gjekk Reagan inn for å redusera skattane for å fremja økonomisk vekst, kontrollera pengemengda for å redusera inflasjon, deregulera næringslivet og redusera utgiftene i det offentlege.[3][4] I sin fyrste periode overlevde han eit drapsforsøk, førte ei hard linje overfor fagforeningar, og sette i gong ein invasjon av Grenada. Han vart gjenvalt i eit valskred mot Walter Mondale i 1984. Den andre presidentperioden var fyrst og fremst prega av utanrikspolitiske hendingar, blant anna slutten på den kalde krigen, bombinga av Libya i 1986 og avsløringa av Iran-Contras-skandalen. Reagan skildra opent Sovjetsamveldet som «ondskapens imperium», støtta antikommunistiske rørsler verda over, og forlét den tidlegare avspenningspolitikken sin ved å byrja eit storstilt våpenkappløp mot Sovjetsamveldet. Forhandlingane Regan hadde med den sovjetiske leiaren Mikhail Gorbatsjov kulminerte med INF-avtalen og atomvåpennedrusting.[5][6]
Reagan gjekk av som president i 1989, og vart etterfulgt av sin visepresident, George H.W. Bush. I 1994 gjorde den tidlegare presidenten det kjent at han hadde vorte diagnostisert med Alzheimers.[7] Reagan døydde ti år seinare, 93 år gamal. Han hadde gjennomgåande høg oppslutning i meiningsmålingar om amerikanske presidentar, og har fått æra for ei ideologisk oppvakning på den amerikanske høgresida.
Før Reagan vart skodespelar, arbeidde han i radio i Des Moines. Her var han blant anna kommentator for baseball. I 1937 prøvespilte han for filmselskapet Warner Brothers, som heldt til i Hollywood. Reagan var ved dette selskapet i sju år. Under den andre verdskrigen var Reagan innrullert som skodespelar, og spelte inn mange propaganda- og rekrutteringsfilmar for det amerikanske forsvaret. Han hadde for dåleg syn til å sjølv delta i kampane.[8]
I 1941 vart Reagan valt til styret i fagforeninga Screen Actors Guild, der han vart øvste leiar i åra 1947–1952 og 1959–1960.[9]
Tidleg på 1950-talet vann fjernsynet fram som det dominerande medium i USA, og Reagan arbeidde mykje med fjernsynet. Ikkje minst var han ein slags talsmann for selskapet General Electric. I denne stillinga arbeidde han tidvis med fjernsyn, tidvis fór han rundt på fabrikkane til GE og talte om politiske spørsmål.
Som skodespelar medverka Reagan i totalt 53 filmar, blant anna Seier i mørket (1939) og Kvinnen Eva (1941).
Ronald Reagan var gift to gongar. Han gifta seg fyrst med skodespelar Jane Wyman i 1940. Saman fekk dei to døtrer (der ho eine døydde éin dag gamal), og adopterte ein son. Reagan og Wyman vart skilt i 1949. I 1952 gifta Reagan seg med Nancy Davis, som også var skodespelar. Saman fekk dei ei dotter og ein son.[1]
Han var opphavleg demokrat, men vende seg mot høgre i slutten av 1950-åra, og vart republikanar i 1962.[10][11] Den fyrste store politiske innsatsen til Reagan var då han heldt ein tale på landsmøtet som nominerte Barry Goldwater som presidentkandidaten til republikanarane i 1964, eit val Goldwater tapte mot Lyndon B. Johnson. To år seinare stilte Reagan til val som guvernør i California, den mest folkerike staten i USA, i 1966. Han vann ein overveldande siger mot demokraten Pat Brown, som då hadde sete i vervet i to periodar. Reagan var guvernør i California i to periodar, inntil han gjekk av i 1974.
Presidentvalet i 1980 gav ein knusande siger over motkandidaten Jimmy Carter, mest av di Gisseldramaet i Iran i 1979 og den mislykka militæroperasjonen for å forsøkja å frigjera gisla, som ende med at to helikopter styrta og åtte av mannskapet omkom.
Kampanjane til Reagan brakte fjernsynsreklame til nye høgder, der dei heilt indirekte verkemidla vart introdusert for fyrste gong. Den mest legendariske fjernsynsreklamen som vart nytta i neste valkamp mot Walter Mondale – «The Bear» frå 1984 – viste ein bjørn som luska rundt i skogane i Amerika, og antyda indirekte til trugselen frå Sovjetsamveldet. Den positive bodskapen til Reagan hadde appell til nasjonalkjensle og patriotisme. I presidentvalet i 1984 vann han ein knusande siger over norskætta Walter Mondale. Kandidaten til Det demokratiske partiet sigra berre i éin delstat, heimstaten Minnesota, i tillegg til distriktet Washington D.C. og fekk berre 13 valmennsstemmer.
Utanrikspolitisk ynskte Reagan å gjenskapa leiarskapet til USA i verda ved å rusta opp militæret, vera bestemt overfor Sovjetsamveldet, og ved å støtta land og rørsler som kjempa mot kommunismen. Etter gjentatte invitasjonar til sovjetiske leiarar, aksepterte endeleg den sovjetiske leiaren Mikhail Gorbatsjov invitasjonen til Reagan, og saman byrja dei prosessen som gjorde slutt på den kalde krigen.
Innanrikspolitisk stod Reagan for store skattelettingar og ein mindre offentleg sektor. Inflasjonen, som hadde vorte ei stor utfordring under andre del av 1970-talet, vart kvelt tidleg i den fyrste perioden til Reagan. Store utgifter til opprusting, i tillegg til det faktum at kongressen ikkje gjennomførte lovde kutt i andre delar av budsjettet, førte til at underskotet på det føderale budsjettet eksploderte under Reagan sitt styre.
I 1981 gav Reagan 11 359 flygeleiarar sparken, under det som seinare vart kjent som Flygeleiarstreiken i USA i 1981.[12] Dette hende som fylgje av at Reagan kravde at alle dei ulovleg streikande gjekk tilbake på arbeid innan 48 timar. Då dette vart ignorert, var ingen av flygeleiarane i offentleg teneste dei neste 15 åra.
Reagan var ein av de mest populære presidentane som har sete i Det kvite huset. Ved valet i 1984 vann han alle valmennene bortsett frå dei ti valmennene i Minnesota og dei tre i Washington D.C. i oppgjeret mot Walter Mondale. Han var blant anna kjend som «The great communicator». Reagan var ein meget god talar, som brukte fjernsynsmediet særs effektivt. Han nytta ofte humor, og fortalte vitsar ved eikor anledning, ofte til stor frustrasjon for pressekorps og ved spørsmål frå media. Eit tidleg døme var då han vart spurt om noko av skulden for den økonomiske tilstanden var forårsaka av han sjølv, og han svara: «Ja, for di eg var Demokrat i mange år.»
Dei siste åra av livet til Reagan var prega av Alzheimers.
Ronald Reagan har si eiga stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1993 vart Reagan tildelt Presidentens fridomsmedalje og han mottok i 2007 posthumt Den kvite ørns orden frå den polske presidenten.[13][14]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.