From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein rockeopera er ei samling rockesongar med tekstar som følgjer ei soge. Rockeopaer er som regel gjevne ut som konseptalbum og er ikkje skrivne for scenen, noko som skil dei frå operaer. Fleire rockeoperaer er likevel blitt tilpassa til rockemusikalar. Bruken av forskjellige roller i songtekstane er eit vanleg forteljargrep. Suksessen til rockeopera som sjanger har inspirert liknande verk i andre musikkstilar, som rap-opera.
Colin Fleming i The Atlantic har identifisert The Story of Simon Simopath (1967) av det britiske psykedelike bandet Nirvana som den første innspelte rockeoperaen.[1] Ofte er S.F. Sorrow (1968) av The Pretty Things rekna som den første rockeoperen.[2] Sjølv om Pete Townshend nekta å ha kjennskap til S.F. Sorrow, har kritikarar ofte samanlikna The Who sin rockeopera Tommy til denne.[2] Tommy inspirerte seinare On and On, ein rap-opera av The Fat Boys[3] og American Idiot, ein punkrock-opera av Green Day.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.