Fylkesveg 611
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 611 (Fv611) går mellom Naustdal i Sunnfjord kommune og Eikefjord i Kinn kommune.
Fylkesveg 611 | |
---|---|
611 | |
Strekning | |
Naustdal i Sunnfjord– Eikefjord i Kinn | |
Informasjon | |
Lengd | 60,2 km |
Status Fylke |
fylkesveg Vestland |
Tilstøytande vegar | |
Fv5696 Fv5697 Fv5699 |
- Sjå òg Fylkesveg 611 (fleirtyding)
Opphavleg vart Fylkesveg 611 bygd som riksveg mellom Naustdal og Stavang. Samstundes vart det bygd veg frå Eikefjord til Goldalsreset og vidare mot Sandvika. Seinare vart vegen mellom Goldalsreset og Stavang bygd, og heile vegen mellom Eikefjord og Stavang fekk nemninga Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane (Fv542).
I 2002 vart den nye traséen til Riksveg 5 mellom Brekka og Kvalvik opna, og med dette omgjekk vegen Eikefjord. Dimed overtok Fv542 traséen mellom Eikefjord og Kvalvik, medan traséen mellom Eikefjord og Brekke vart kommunal veg.
Den 1. januar 2010 trod forvaltingsreforma i kraft og Fylkesveg 611 fekk status som fylkesveg. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane vart innlema som ei forlenging av Fv611.[1]