![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Tosen_Norway.jpg/640px-Tosen_Norway.jpg&w=640&q=50)
Fylkesveg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg i Noreg er ein bilveg i fylkeskommunal eige som vert vedlikehalden av fylkeskommunen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Tosen_Norway.jpg/640px-Tosen_Norway.jpg)
Det var i 2010 i alt 27 281 km fylkesvegar i Noreg. Dette utgjorde 29,2 % av dei 93 347 km offentlege vegane i Noreg. Første januar i 2011 vart 17 000 km riksvegar overført frå staten til fylka. Etter denne reforma var fylkesvegane til saman 44 281 km. Nordland er fylket med lengst fylkesvegstrekning, totalt 4 111 km. Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag har meir enn 3000 km fylkesvegar.[1]