Retrovirus (Retroviridae) er ein familie av enkelttråda RNA-virus som nyttar dobbelttråda DNA som mellomsteg i økslinga. Dei har membranar[1] og positiv RNA-polaritet, og vert delte inn i dei to underfamiliane Orthoretrovirinae og Spumavirinae. DNA-utgåva av genomet til retrovirus har ein storleik på mellom 8 og 12 kilobasar, avhengig av virus. Dei har ryggradsdyr som vertar, inkludert pattedyr, fiskar, fuglar, krypdyr og amfibium.[2]
Øksling
Under økslinga nyttar retrovirus enzymet revers transkriptase (oppdaga i 1970) til å laga eit DNA-mellomsteg. Ein integrase vert deretter nytta til å lima inn mellomsteget i genomet til sella som vert infisert, og lagar slik eit provirus.[2][3] Denne prosessen lagar brot i DNA-molekylet proviruset vart sett inn i og som truleg lyt vølast av protein frå vertssella.[4] Etter innsetjinga i vertssellegenomet kan proviruset styra avskriving av DNA.[2]
Retroviruspartiklar knoppar seg ut av sellemembranen til ei vertsselle i ei umogen form. Fleire steg katalyserte av virusproteasar gjer partikkelen mogen slik at han kan gå inn i nye vertsseller.[5]
Alle retrovirus har dei tre gena gag, pro, pol og env.[2] gag kodar for strukturelle protein.[5] pro kodar for virusproteasen.[2] pol kodar for revers transkriptase og integrase.[2] env kodar for glykoprotein i virusmembranen som gjer det mogeleg for viruset å gå inn i ei vertsselle.[2][6]
Indre retrovirus
Om sella retroviruset infiserer er ei kjønnsselle, kan det innsette virusgenomet gå i arv over fleire generasjon. Slike sekvendar vert kalla indre (endogene) retrovirus. Det er vanleg at genoma til ryggradsdyr inneheld hundretusenvis av uverksame DNA-sekvensar frå retrovirusgenom.[2] Det er rekna at 5 til 8 % av menneskegenomet er slike restar etter genoma til retrovirus.[7]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.