From Wikipedia, the free encyclopedia
Regjeringa Solberg var Noregs regjering frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 med statsminister Erna Solberg som regjeringssjef. Regjeringa tiltredde etter den borgarlege valsigeren ved stortingsvalet i 2013, og fekk eit fornya parlamentarisk fleirtal bak seg etter stortingsvalet 2017.
I byrjinga gjekk regjeringa ut frå Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp). Ho vart også kalla Høgre–Frp–regjeringa og den «blåblå» regjeringa,[1] og baserte seg på ein samarbeidsavtale med Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).[2] Den 17. januar 2018 vart regjeringa utvida med Venstre og vart då kalla den «blågrøne» regjeringa.[3] Den 22. januar 2019 vart regjeringa utvida med Kristeleg Folkeparti.[4] Dimed vart Solberg-regjeringa den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985.
24. januar 2020 gjekk Frp ut av regjeringa, og vart det første partiet i Noregs historie som har forlate ei sitjande regjering. Regjeringa heldt fram som mindretalsregjering og styrte på grunnlag av Granavolden-erklæringa, som var utarbeidd i 2019 av dei fire borgarlege partia.
I statsråd 16. oktober klokka 10 vart statsrådane i regjeringa Solberg utnemnde.[5] Fordeling av ansvarsområde vart gjort i statsråd 16. oktober klokka 12.[6] I tabellen er statsrådane ført opp med departementsnamn slik desse er etter endringane 24. januar 2020.
Namn | Parti | Frå | Til | Merknad | |
---|---|---|---|---|---|
Statsminister | Erna Solberg (f. 1961) |
H | 16. oktober 2013 | 14. oktober 2021 | |
Statsråd i | Namn | Parti | Frå | Til | Merknad |
Statsministerens kontor | Vidar Helgesen (f. 1968) |
H | 16. oktober 2013 | 16. desember 2015 | Vart klima- og miljøminister |
Utanriksminister | Børge Brende (f. 1965) |
H | 16. oktober 2013 | 20. oktober 2017 | Avskil i nåde |
Ine Marie Eriksen Søreide (f. 1976) |
H | 20. oktober 2017 | 14. oktober 2021 | ||
Utanriksdepartementet (EØS- og EU-minister, og nordisk samarbeidsminister) |
Elisabeth Aspaker (f. 1962) |
H | 16. desember 2015 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
Frank Bakke-Jensen (f. 1965) |
H | 20. desember 2016 | 20. oktober 2017 | Vart forsvarsminister | |
Marit Berger Røsland (f. 1978) |
H | 20. oktober 2017 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
Utanriksdepartementet (Utviklingsminister) |
Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 17. januar 2018 | 22. januar 2019 | Vart digitaliseringsminister |
Dag Inge Ulstein (f. 1980) |
KrF | 22. januar 2019 | 14. oktober 2021 | ||
Finansdepartementet | Siv Jensen (f. 1969) |
Frp | 16. oktober 2013 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa |
Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Arbeids- og sosialdepartementet | Robert Eriksson (f. 1974) |
Frp |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
Anniken Hauglie (f. 1972) |
H | 16. desember 2015 | 24. januar 2020 | Avskil i nåde | |
Torbjørn Røe Isaksen (f. 1972) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Barne- og familiedepartementet | Solveig Horne (f. 1969) |
Frp |
16. oktober 2013 |
17. januar 2018 |
Avskil i nåde |
Linda Hofstad Helleland (f. 1979) |
H | 17. januar 2018 | 22. januar 2019 | Avskil i nåde | |
Kjell Ingolf Ropstad (f. 1985) |
KrF | 22. januar 2019 | 20. september 2021 | Trekte seg som statsråd | |
Olaug Bollestad (f. 1961) |
KrF | 20. september 2021 | 14. oktober 2021 | ||
Forsvarsdepartementet | Ine Marie Eriksen Søreide (f. 1976) |
H | 16. oktober 2013 | 20. oktober 2017 | Vart utanriksminister |
Frank Bakke-Jensen (f. 1965) |
H | 20. oktober 2017 | 14. oktober 2021 | ||
Helse- og omsorgsdepartementet (Helseminister; Helse- og omsorgsminister frå 24. januar 2020) |
Bent Høie (f. 1971) |
H | 16. oktober 2013 | 14. oktober 2021 | |
Helse- og omsorgsdepartementet (Eldre- og folkehelseminister) |
Åse Michaelsen (f. 1960) |
Frp | 17. januar 2018 | 3. mai 2019 | Avskil i nåde[7] |
Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 3. mai 2019 | 18. desember 2019 | Vart olje- og energiminister | |
Terje Søviknes (f. 1969) |
Frp | 18. desember 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
Justis- og beredskapsdepartementet (Eigen minister for innvandringssaker 16. desember 2015–17. januar 2018;[8] Eigen minister for vernebuingssaker 22. januar 2019–24. januar 2020) |
Anders Anundsen (f. 1975) |
Frp | 16. oktober 2013 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
Per-Willy Amundsen (f. 1971) |
Frp | 20. desember 2016 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 17. januar 2018 | 20. mars 2018 | Avskil i nåde[lower-alpha 1] | |
Tor Mikkel Wara (f. 1964) |
Frp | 4. april 2018[9][10][11][12] | 15. mars 2019 | Avskil i nåde[lower-alpha 2] | |
Jøran Kallmyr (f. 1978) |
Frp | 29. mars 2019[14] | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
Monica Mæland (f. 1968) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Innvandrings- og integreringsminister (Ansvar for innvandringsområdet i Justis- og beredskapsdepartementet og ansvar for integreringsområdet i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet) |
Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Vart justis-, beredskaps- og innvandringsminister |
Justis- og beredskapsdepartementet (Samfunnstryggingsminister) |
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (f. 1965) |
Frp | 22. januar 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet |
Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 16. oktober 2013 | 17. januar 2018 | Vart kunnskapsminister |
Monica Mæland (f. 1968) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart justisminister | |
Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Kulturdepartementet (Kultur- og likestillingsminister frå 19. januar 2019) |
Thorhild Widvey (f. 1956) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
Linda Hofstad Helleland (f. 1979) |
H | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Vart barne- og likestillingsminister | |
Trine Skei Grande (f. 1969) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart kunnskaps- og integreringsminister | |
Abid Raja (f. 1975) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Kunnskapsdepartementet (Kunnskapsminister; Kunnskaps- og integreringsminister frå 17. januar 2018) |
Torbjørn Røe Isaksen (f. 1978) |
H |
16. oktober 2013 |
30. august 2017 |
Foreldrepermisjon |
27. november 2017[15] | 17. januar 2018 | Vart nærings- og fiskeriminister | |||
Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart finansminister | |
Trine Skei Grande (f. 1969) |
V | 24. januar 2020 | 13. mars 2020 | Trekte seg som statsråd | |
Guri Melby (f. 1981) |
V | 13. mars 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Kunnskapsdepartementet (Forskings- og høgare utdanningsminister) |
Iselin Nybø (f. 1981) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart næringsminister |
Henrik Asheim (f. 1983) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Landbruks- og matdepartementet | Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 16. oktober 2013 | 16. desember 2015 | Vart minister i Justis- og beredskapsdepartementet |
Jon Georg Dale (f. 1984) |
Frp | 16. desember 2015 | 31. august 2018 | Vart samferdselsminister | |
Bård Hoksrud (f. 1973) |
Frp | 31. august 2018[16] | 22. januar 2019 | Avskil i nåde | |
Olaug Bollestad (f. 1961) |
KrF | 22. januar 2019 | 14. oktober 2021 | ||
Klima- og miljødepartementet | Tine Sundtoft (f. 1967) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
Vidar Helgesen (f. 1968) |
H | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
Ola Elvestuen (f. 1967) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Avskil i nåde | |
Sveinung Rotevatn (f. 1987) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Nærings- og fiskeridepartementet (Næringsminister) |
Monica Mæland (f. 1968) |
H | 16. oktober 2013 | 17. januar 2018 | Vart kommunal- og moderniseringsminister |
Torbjørn Røe Isaksen (f. 1978) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart arbeids- og sosialminister | |
Iselin Nybø (f. 1981) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Nærings- og fiskeridepartementet (Fiskeriminister) |
Elisabeth Aspaker (f. 1962) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Vart minister i Utanriksdepartementet |
Per Sandberg (f. 1960) |
Frp | 16. desember 2015 | 13. august 2018[17] | Avskil i nåde | |
Harald Tom Nesvik (f. 1966) |
Frp | 13. august 2018[17][18] | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
Geir Inge Sivertsen (f. 1965) |
H | 24. januar 2020 | 2. mars 2020 | Trekte seg som statsråd | |
Odd Emil Ingebrigtsen (f. 1964) |
H | 2. mars 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Olje- og energidepartementet | Tord Lien (f. 1975) |
Frp | 16. oktober 2013 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
Terje Søviknes (f. 1969) |
Frp | 20. desember 2016 | 31. august 2018 | Avskil i nåde | |
Kjell-Børge Freiberg (f. 1971) |
Frp | 31. august 2018 | 18. desember 2019 | Avskil i nåde | |
Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 18. desember 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
Tina Bru (f. 1986) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Samferdselsdepartementet | Ketil Solvik-Olsen (f. 1972) |
Frp | 16. oktober 2013 | 31. august 2018 | Avskil i nåde |
Jon Georg Dale (f. 1984) |
Frp | 31. august 2018 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
Knut Arild Hareide (f. 1972) |
KrF | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Digitaliseringsminister; Distrikts- og digitaliseringsminister frå 24. januar 2020) |
Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 22. januar 2019 | 24. januar 2020 | Vart kommunalminister |
Linda Hofstad Helleland (f. 1977) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.