Ein Regierungsbezirk er ein statsregion i Tyskland, ein underinndeling av delstatane i landet. Regionane er igjen vidare delt inn i landkreisar eller kreisfrie byar, byar med same status som ein landkreis. Ein Regierungsbezirk vert styrt av ein Bezirksregierung og leia av ein Regierungspräsident.
Ikkje alle delstatane i Tyskland har denne underinndelinga. Nokre er direkte inndelt i landkreis. I dag er fem delstatar delt inn i 22 Regierungsbezirke, med folketal frå 5 255 000 (Düsseldorf) til 1 065 000 (Gießen):
- Baden-Württemberg: Freiburg, Karlsruhe, Stuttgart, Tübingen
- Bayern: Oberbayern, Niederbayern, Oberpfalz, Oberfranken, Mittelfranken, Unterfranken, Schwaben
- Hessen: Darmstadt, Gießen, Kassel
- Nordrhein-Westfalen: Arnsberg, Köln, Detmold, Düsseldorf, Münster
- Sachsen: Chemnitz, Dresden, Leipzig
Historie
Dei første Regierungsbezirke vart oppretta av Preussen i 1808/16, som delte provinsane her inn i 25 Regierungsbezirke. Regierungsbezirke i Nordrhein-Westfalen er dei same som vart oppretta i 1815. Andre statr i Det tyske keisardømet oppretta liknande einingar, kalla Kreishauptmannschaft (i Sachsen) eller Kreis (i Bayern og Württemberg) (som ikkje er det same som Landkreis i dag). Under Det tredje riket gav nazi-regjeringa alle desse inndelingane same namn, og sidan har alle vorte kalla Regierungsbezirk.
1. januar 2000 oppløyste Rheinland-Pfalz sine tre Regierungsbezirke, Koblenz, Rheinhessen-Pfalz og Trier. I 2004 gjorde Sachsen-Anhalt det same, og oppløyste sine tidlegare regionar, Dessau, Halle og Magdeburg. I 2005 oppløyste Niedersachsen sine fire Regierungsbezirke Braunschweig, Hannover, Lüneburg og Weser-Ems.
I Nordrhein-Westfalen er det òg planar om å oppløyse dei fem Regierungsbezirke her og danna tre sjølvstyrande einingar.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.