From Wikipedia, the free encyclopedia
Ramsar (رامسر, også romanisert som Rāmsar og Rānsar og tidlegare også kalla Sakht sar)[1] er ein by i Iran ved kysten av Kaspihavet. Han er fylkeshovudstad for Ramsar-fylket i provinsen Mazandaran. Ved folketeljinga i 2006 hadde han eit folketal på 31 659.[2]
Ramsar رامسر | |||
Sakht Sar | |||
by | |||
Det gamle hotellet i Ramsar | |||
Offisielt namn: Ramsar | |||
Motto: 'Paradis på jord' (Behesht-e rooy-e Zamin) | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Fylke | Ramsar | ||
Provins | Mazandaran | ||
Høgd | 985 m | ||
Folketal | 31 659 | ||
Grunnlagd | 1943 | ||
Tidssone | IRST (UTC+3:30) | ||
Ramsar 36.918055555556°N 50.648055555556°E | |||
Kart som viser plasseringa av Ramsar by og fylke i Mazandaran.
| |||
Wikimedia Commons: Ramsar | |||
Nettstad: http://www.sh-ramsar.ir | |||
Innbyggjarar i Ramsar talar det nordvestiranske språket gilaki. Staden er kjend for å ha ei av dei høgaste bakgrunnsstrålingane på jorda.
Ramsar er den vestlegaste byen og fylket i Mazandaran. Han har kyst mot Kaspihavet i nord, Gilan-provinsen i vest, Qazvin-provinsen to i sør og Tonekabon i aust.
Ramsar er ein populær kystby for iranske turistar. Staden har også varme kjelder, skoga i Alborz-fjella, ferieslottet til den siste sjahen av Iran og Hotel Ramsar. 27 km sør for Ramsar, i Alborzfjella, ligg landsbyen Javaher Deh som også er ein viktig attraksjon.
Ramsar-konvensjonen om vern av våtmarksområde blei underskriven i Ramsar i 1971. Avtalen mellom ulike statar dekkjer vern av og samarbeid om våtmakr, med over 1 920 stader på rundt 1 680 000 km² inkluderte på Ramsar-lista over våtmarksområde med internasjonal tyding.[3][4]
Talesh Mahalleh-distriktet i Ramsar er det mest radioaktive folkesette området i verda ein kjenner, på grunn av radiumhaldige varme kjelder i området og lokale byggjemateriale derfrå.[5] Dei rundt 2000 innbyggjarane frå distriktet og andre høgradioaktive område mottek ein gjennomsnittleg årleg strålingsdose på 10 mGy per år, ti gonger meir enn den tilrådde grensa til ICRP for kunstig radioaktiv stråling.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.