From Wikipedia, the free encyclopedia
Purpurlyng (Erica cinerea) er ein dvergbusk i klokkelyngslekta i lyngfamilien.
Purpurlyng | |
Purpurlyng | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Slekt: | Klokkelyngslekta Erica |
Art: | Purpurlyng E. cinerea |
Vitskapleg namn | |
Erica cinerea |
Planten blir 15–75 cm høg. Årsskota er hårete, medan resten av planten er glatt. Dei smale blada sit i kransar på tre, noko som skil arten frå slektningen klokkelyng. Dei klokkeforma blomane er purpurfarga og sit i klasar. Han veks i hei og open skog på tørr og sur jord.[1]
I Vest-Europa er purpurlyng ein typisk art for dei atlantiske kystlyngheiene. Han veks frå Portugal nordover til Dei britiske øyane og Noreg. I nord er utbreiinga avgrensa til område med lite frost, og han veks i motsetnad til klokkelyng verken i Danmark eller Sverige. I sør går han derimot lenger aust enn klokkelyng, heilt til Liguria i Italia. I middelhavsområdet er han hovudsakleg ein fjellplante.[2][3][4]
I Noreg veks purpurlyng på Vestlandet i ytre kyst- og fjordstrøk frå Ryfylke til Haram i Møre og Romsdal. Han krev litt sommarvarme og manglar på dei mest forblåste øyane. I Norsk raudliste for artar er arten rekna som nær truga på grunn av gjengroing, utbygging og skogplanting.[5]
To nærståande former var tidlegare rekna som varietetar, men har no fått status som eigne artar. Dette er Erica numidica i Algerie og Erica maderensis frå Madeira.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.