Parakittfamilien (Psittaculidae) eller «papegøyane i den gamle verda», er ein biologisk familie av parakittar frå ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien samlar 51 slekter og 190 artar. Dei inkluderer alle papegøyar i Asia, Madagaskar og ei rekkje øyar i Stillehavet, alle afrikanske artar med unntak av slektene Psittacus og Poicephalus. I tillegg er alle papegøyeartar i Australia, Filippinane, Indonesia, Ny-Guinea og Salomonøyane, som ikkje er kakaduer, medlemar av parakittfamilien.

Kjappe fakta
Parakittfamilien
Thumb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Psittacimorphae
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Parakittfamilien Psittaculidae
Vigors, 1825
Lukk

Utbreiing

Utbreiingsområdet til fuglane inkluderer den tropiske regnskogsona i Afrika, ulike ikkje-samanhengande område i Aust- og Sør-Afrika, Madagaskar og andre øyar i det tropiske Indiahavet, Asia frå Pakistan i vest til Indonesia i aust, New Guinea, Australia og øyane i det tropiske Stillehavet.[1] Separasjonen av Psittaculidae frå papegøyefamilien i «den nye verda» (Psittacidae) er baserte på genetiske data[2] og blir ikkje støtta av ei skildring av eigenskapane. Som andre papegøyar har papegøyane i «den gamle verda» eit sterkt, bua nebb, zygodactyle føter, viser ofte slåande fargerike fjørdrakter og har eit komplekst sosialt system.[1]

«Papegøyane i den gamle verda» lever vanlegvis i skogar eller på savannar eller andre graslettar med eit meir eller mindre tett tredekke, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klima.[1]

Føde og beiting

Dei fleste papegøyar frå «den gamle verda» et frø og frukt. Dei held den ofte harde maten med føtene og opnar han med det sterke, bua nebbet. Loriar og svaleparakitten (Lathamus discolor) har spesialiserte tunger for å absorbere nektar og pollen frå blomstrar og eit fordøyingssystem tilpassa denne dietten. Spettepapegøyar (Micropsitta) lever av virvellause dyr som dei finn under trebork og har som andre treklatrande fuglar stive halefjører å stø seg på. Ein har funne trekol i magen til nokre australske artar. Inntak av trekol kan tene til å nøytralisere giftstoff frå frukt og frø og har dermed ein liknande funksjon som eting av leirhaldig jord hos nokre neotropiske papegøyar.[1]

Hekking

Thumb
Eit par regnbogeloriar (Trichoglossus moluccanus) framføre reirplassen

«Papegøyane i den gamle verda», er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle medlemar av denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, i dei fleste tilfelle eit hol i eit tre. Viss det ikkje er tre, kan reiret også byggjast i ein fjellsprekk, i eit hol i bakken, i ei hòle i ein termitthaug eller, som med jordparakitten (Pezoporus wallicus), på bakken ved foten av ei grastue eller gøymt ved foten av ein busk. Nokon artar av hengepapittar (Loriculus), amorpapittar (Agapornis) og parakittar i Neophema byggjer eit dekte grasreir i reirholet. Amorpapittar hekkar i koloniar og bruker også forlatne reir av vevarfuglar. Kulla består av eitt til maksimalt ni egg, som blir ruga i 18 til 31 dagar. Ruginga tar til etter at det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar ung papegøye og at dei varierer i storleik. Storleiken på kullet avheng av storleiken på mora og stabiliteten til miljøet, med mindre kull som vanlegvis blir lagde av større fuglar i meir stabile miljø. Ungane blir vanlegvis varma opp av hoa og mata av hannen. Så snart fjørdrakta til reirungane har utvikla seg i ei slik grad at dei ikkje lenger kan kjøle seg ned, passar begge foreldra ungane. Fôringa held vanlegvis fram ei stund etter at ungane har floge. Denne perioden varierer ganske mykje, t.d. for undulatar, som er kjønnsmodne etter berre 6 månader, er den ganske kort, medan ungane hos andre artar er avhengige av foreldra opptil eit år etter at dei er flygedyktige.[1]

Oversyn slekter

Thumb
Blågumppapegøye (Psittinus cyanurus)

Familien samlar 190 artar i 51 biologiske slekter. Slekter i parakittfamilien etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[3] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[4] Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista.[3] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[5]

Underfamilie Psittrichasinae

  • Slekt Psittrichas, børstepapegøye, Psittrichas fulgidus

Underfamilie Coracopseinae

  • Slekt Coracopsis, 4 artar

Underfamilie Psittaculinae

Stamme Micropsittini

  • Slekt Micropsitta, 6 spettepapegøyar

Stamme Polytelini

  • Slekt Polytelis, 3 artar
  • Slekt Alisterus, 3 artar
  • Slekt Aprosmictus, 2 artar

Stamme Psittaculini

  • Slekt Prioniturus, 10 vimpelpapegøyar
  • Slekt Eclectus, 4 artar
  • Slekt Geoffroyus, 3 artar
  • Slekt Psittinus, 2 artar
  • Slekt Tanygnathus, 5 artar
  • Slekt Psittacula, 13 artar

Underfamilie Psittacellinae

  • Slekt Psittacella, 4 tigerpapegøyar

Underfamilie Platycercinae

  • Slekt Psephotus, songparakitt, Psephotus haematonotus
  • Slekt Northiella, 2 artar
  • Slekt Psephotellus, 3 artar
  • Slekt Purpureicephalus, marriparakitt, Purpureicephalus spurius
  • Slekt Platycercus, 6 rosellaer
  • Slekt Barnardius, svarthovudparakitt, Barnardius zonarius
  • Slekt Lathamus, svaleparakitt, Lathamus discolor
  • Slekt Prosopeia, 3 artar
  • Slekt Eunymphicus, 2 artar
  • Slekt Cyanoramphus, 8 artar


Underfamilie Pezoporinae

  • Slekt Pezoporus, 2 artar
  • Slekt Neopsephotus, pastellparakitt, Neopsephotus bourkii
  • Slekt Neophema, 6 artar

Underfamilie Loriinae

Stamme Loriini

  • Slekt Oreopsittacus, skjegglori, Oreopsittacus arfaki
  • Slekt Charminetta, dverglori, Charminetta wilhelminae
  • Slekt Hypocharmosyna, 2 artar
  • Slekt Charmosynopsis, 2 artar
  • Slekt Synorhacma, stripelori, Synorhacma multistriata
  • Slekt Charmosyna, 3 artar
  • Slekt Charmosynoides, gulbandlori, Charmosynoides margarethae
  • Slekt Vini, 10 artar
  • Slekt Neopsittacus, 2 artar
  • Slekt Lorius, 6 artar
  • Slekt Psitteuteles, spranglori, Psitteuteles versicolor
  • Slekt Parvipsitta, 2 artar
  • Slekt Pseudeos, 2 artar
  • Slekt Chalcopsitta, 3 artar
  • Slekt Glossoptilus, svartnebblori, Glossoptilus goldiei
  • Slekt Glossopsitta, moskuslori, Glossopsitta concinna
  • Slekt Saudareos, 5 artar
  • Slekt Eos, 6 artar
  • Slekt Trichoglossus, 10 artar

Stamme Melopsittacini

Stamme Cyclopsittini

  • Slekt Psittaculirostris, 3 fikenpapegøyar
  • Slekt Cyclopsitta, 4 fikenpapegøyar

Underfamilie Agapornithinae

  • Slekt Bolbopsittacus, guavapapegøye, Bolbopsittacus lunulatus
  • Slekt Loriculus, 15 hengepapittar
  • Slekt Agapornis, 9 amorpapittar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.