Dei neotropiske papegøyane (Arinae) eller «den nye verdas» papegøyar omfattar rundt 165 artar i 32 biologiske slekter som finst over heile Sør- og Mellom-Amerika, Mexico, Karibia og tidlegare i det sørlege USA.[1] Blant dei er nokre av dei mest kjende og ikoniske papegøyane, inkludert blågulara, solparakitt og gulhovudamazon.

Kjappe fakta
Arinae
Thumb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Lukk

Papegøyane i «den nye verda» har vore kjende for europearar sidan 1492 då Columbus førte dei inn i notata sine. Systematiske skildringar av neotropiske papegøyar var først tilgjengeleg i publikasjon av den tyske naturforskaren Georg Marcgraf i 1648, og av den engelske naturforskaren Mark Catesby i 1731 og 1743.

Om lag 15 artar og ei slekt, Mascarinus, har vorte utrydda dei siste hundreåra.[2] Ei anna slekt er utdøydd i naturen. Over ein tredel av dei eksisterande artane er klassifiserte som trua av IUCN. Nokre få av desse er i overhengande fare for utrydding med færre enn 500 individ i naturen eller i fangenskap: asurara, brilleara, blåstrupeara, puertoricoamazon, og olivenmaskepapegøye. Dei viktigaste årsakene til nedgang i papegøyebestandar er tap av habitat gjennom avskoging ved flathogst, brenning og flaum ved bygging av demningar, fangst for burfuglhandel og introduksjon av ikkje-stadeigne predatorar.

Ein ny art, kondorpapegøye, vart oppdaga så seint som i 2002.

Evolusjon, taksonomi og systematikk

New World-papegøyane er monofyletiske, og har vore geografisk isolert i minst 30–55 millionar år ved molekylære dateringsmetodar. Sjølv om ganske få fossil av moderne papegøyar er kjende, er dei fleste av desse frå stammen Arini av araer og parakittar; dei eldste er frå 16 millionar år sidan. Dette er prov på at moderne slekter for det meste var ulike frå dei i pleistocen, for nokre millionar år sidan.

Taksonomi

Neotropiske papegøyar omfattar minst to monofyletiske kladar, ein av primært langhala artar slik som araer, og den andre av primært korthala papegøyar inkludert amazonpapegøyar.[3]

Fylogeni

Kladogram for dei neotropiske papegøyane:

Arinae


Touit – 8 parakittar



Nannopsittaca, Bolborhynchus, Psilopsiagon – 7 parakittar





Forpus – 9 dvergpapegøyar



Androglossini


Myiopsitta – 2 parakittar



Brotogeris – 8 parakittar





Pionopsitta – Brunøyrepapegøye




Triclaria – Blåbukpapegøye





Hapalopsittaca – 4 papegøyar



Pyrilia – 7 papegøyar





Amazona – Amazonpapegøyar (31 artar)




PionusPionus 8 papegøyar




Graydidascalus – Korthalepapegøye



Alipiopsitta - Solpapegøye









Arini


Deroptyus – Kragepapegøye



Pionites – 2 kvitbukpapegøyar





Rhynchopsitta – 2 parakittar




Pyrrhura – 24 parakittar





Cyanoliseus – Graveparakitt



Enicognathus – 2 parakittar





Anodorhynchus – 2(3) blå araer






Aratinga – 6 parakittar





Cyanopsitta – Brilleara




Orthopsittaca – Rustbukara




Primolius – 3 små araer



Ara – 8 araer








Eupsittula – 5 parakittar




Psittacara – 13 parakittar





Ognorhynchus – Guløyreparakitt



Leptosittaca – Gulduskparakitt





Thectocercus – Blåhovudparakitt




Guaruba – Gullparakitt



Diopsittaca – Dvergara
















Underfamilien Arinae inneheld 165 artar og er delt inn i 34 slekter. Inkludert ein art med ein siste mogleg observasjon i 2001 i Paraguay, asurara (Anodorhynchus glaucus). Kladogrammet er basert på ein fylogenetisk studie av Brian Smith og medarbeidarar som vart publiserte i 2023. I analysen vart slektene Nannopsittaca, Bolborhynchus og Psilopsiagon funne å ikkje vere monofyletiske.[4] Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista.[5]

Utforming av kladogrammet er frå «Psittacidae» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2023.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.