Den globale raudlista er eit oversyn over plante- og dyreartar som på eit eller anna vis er truga av utrydding, er utsett for monaleg reduksjon eller er naturleg sjeldne, sett opp etter standardar utarbeidde av Verdas naturvernunion, IUCN.
Skipa i 1964, er den globale raudlista det mest omfattande oversyn i verda over den globale bevaringsstatusen til organismar.[1] Ho brukar eit sett med presise kriterium for å evaluere risiko for utrydding til titusenvis av artar og underartar. Desse kriteria er relevante for alle artar og alle regionar i verda. Med den sterke vitskaplege basen sin er IUCN si raudliste anerkjent som den mest autoritative guiden til status for biologisk mangfald. Ein serie regionale raudlister blir produserte av land eller organisasjonar som vurderer risikoen for utrydding for artar innanfor ei politisk forvaltningseining.
Ein versjon av den globale raudlista er ført à jour i 2012. IUCN vurderte totalt 63 837 artar. Av dei var 19 817 er truga av utrydding. 3 947 vart skildra som kritisk truga og 5 766 som sterkt truga, medan meir enn 10 000 artar er oppførte som sårbare. 41 % av amfibium, 33 % av korallar som byggar rev, 30 % av bartre, 25 % av pattedyr og 13 % av fuglar er klassifiserte som truga.[2]
Føremål og bruk
Målet med IUCN si raudliste er å formidle verdet av vernesaker til det offentleg og til avgjersletakarar, og dessutan hjelpe det internasjonale samfunnet med å redusere utrydding av artar. I følgje IUCN er dei formelt uttalte måla til raudlista å gi vitskapleg basert informasjon om statusen til artar og underartar på globalt nivå, å rette merksemda mot omfanget og tydinga av truga biologisk mangfald, å påverke nasjonal og internasjonal politikk og avgjersler, til å lage, og å gje informasjon for å rettleie arbeid i å ta vare på biologisk mangfald.[3]
Viktige organisasjonar som gjev bidrag til status på artar inkluderer BirdLife International, Institute of Zoology, forskingsavdelinga til Zoological Society of London, Dei sameinte nasjonane sitt miljøprogram og mange spesialistgrupper innan Verdas naturvernunion. Samla utgjer vurderingar frå desse organisasjonane og gruppene nesten halvparten av artane på raudlista.
IUCN har som mål å få kategorien til kvar art revurdert minst kvart tiande år, eller kvart femte år viss mogleg. Dette blir gjort på ein fagfellevurdert måte gjennom IUCN Species Survival Commission Specialist Groups, raudlistestyresmakta som er ansvarleg for ein art, gruppe av artar eller eit spesifikt geografisk område, eller når det gjeld BirdLife International, ein heil klasse, fuglar.[4]
Akademikarar frå forskingsinstitusjonar over heile verda brukar lista i arbeidet sitt. Lista er ein referanse i vitskaplege publikasjonar. Status på artar gjev data for indikatorane som trengst for å måle framgangen for å nå SN sine berekraftsmål.
Andre konkrete døme:[5]
- Ramsarkonvensjonen brukar lista til å velje ut stader som er viktige for det biologiske mangfaldet i våtmarker og ferskvatn.
- CITES brukar lista i revisjon av internasjonale avtalar mellom land for å kontrollere handel med ville dyr og plantar.
- Næringsliv og einingar i offentleg naturvern nyttar lista ved konsekvensutreiingar for nye prosjekt som kan påverke miljø og økosystem
- For helse og velferd for menneske: synleggjere medisinplantar til å utvikle nye medisinar og til å sikre framtida til landbruksvekstar når klimaet endrar seg; i helsesektoren for å undersøke utbreiinga av artar som er kjente eller mistenkte vektorar for sjukdommar
Kriteria for raudlisting
Verdas naturvernunion (IUCN) har utarbeidd kriteria for raudlisting i kategoriar. Kategori og kriterieversjon 3.1 vart tatt i bruk frå 2001.
- EX = Utrydda (Extinct).
Arten eksisterer ikkje lenger. - EW = Utrydda i vill tilstand (Extinct in the wild)
Vert bruka om artar som truleg er utrydda i vill tilstand, men som enno overlever i fangenskap. - CR = Kritisk truga (Critically Endangered)
Artar som er direkte truga og som har 50 % risiko for å døy ut innan 10 til 100 år fram i tid. - EN = Sterkt truga (Endangered)
Artar som har høg risiko for å døy ut, definert som 20 % risiko for å døy ut innan 20 til 100 år fram i tid. - VU = Sårbar (Vulnerable)
Artar som er truga og har 10 % risiko for å døy ut innan 100 år. - NT = Nær truga (Near Threatened)
Artar som ikkje høyrer til kategori CR, EN eller VU, men som på grunn av tilbakegang krever at ein i forvaltinga tar spesielle omsyn og tiltak. - LC = Livskraftig (Least concern)
Dette er artar som ikkje er direkte truga. - DD = Data utilstrekkeleg (Data deficient)
Artar som ein av ulike grunnar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om til at ein kan vurdere truselbiletet. - NE = Ikkje evaluert (Not evaluated).
Arten har av ukjende årsaker ikkje blitt evaluert/vurdert.
Den norske raudlista
Artsdatabanken gjev ut ei offisiell norsk nasjonal raudliste for truga artar. Før det gav Direktoratet for naturforvalting ut nasjonal raudliste 1998.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.