From Wikipedia, the free encyclopedia
Primstav er ein flat, stavforma kalender av tre der ymse merkedagar er markerte med innskorne symbol.
Kalenderen på primstaven er evigvarande og vart brukt før det vart vanleg med trykte almanakkar. Staven vart stort sett berre brukt i Noreg, Sverige og Danmark, og er ikkje kjend til dømes på Island.
Primstavar er gjerne 50-80 cm lange og 4-6 cm breie. Kvar dag er merkt med ein strek eller eit hakk, og heilagdagar og andre merkedagar er avmerkte med spesielle teikn eller figurar. Primstaven har kalenderoppteikningar på begge sidene; ei sommarside og ei vinterside. Sommarsida gjeld frå 14. april til 13. oktober og vintersida frå 14. oktober til 13. april.
Namnet primstav kjem truleg gjennom norrønt prímstafr, gyllental, frå latin primatio lunae, 'første tilsynekomst av nymånen'. Bakgrunnen var at den 19-årige månesyklusen var utgangspunkt for den gamle tidsrekninga. Gyllental finn ein likevel sjeldan på norske primstavar.
Medan han er kjend som 'primstav' i Noreg og Danmark, er kalenderen i Sverige kjend som runstav.
Primstaven har opphav i ein katolsk kyrkjekalender, og har vore i bruk over store delar av Europa. Messedagane for dei ulike helgenane vart synte med teikn som symboliserte ein av attributtane til helgenen. Etter reformasjonen vart det religiøse innhaldet i mange av helgendagane gløymt, og i den folkelege tradisjonen vart dei ulike figurane nytolka. Til dømes vart muslingskalet som skulle symbolisere apostelen Jakob omtolka til ein vassdrope, slik at merkedagen vart kalla Jakob våthatt.
Merkedagane kan ha fleire namn. Kvar merkedag har dessutan sitt eige merke, som òg kan variere. I tabellen nedanfor er merkedagar vi kan finne på norske primstavar lista opp. Nokre av merkedagane finst på alle primstavar, medan andre berre sjeldan er avmerkte. Venlege merkedagar på norske primstavar er merkte med ein *.
Dato | Merkedag | Merkenamn | Primstavmerke |
---|---|---|---|
14. april | * | Sommardag, sommarmål, sommarnatt | Lauvtre, grein |
16. april | Magnusmesse, tredjedag sommar | Pil, øks, halv kross | |
23. april | * | Jørgensdag | Krossar, hest |
25. april | * | Markusmesse, Markusdagen, store gangdagen | Blad på ein kvist, fjørpenn, fugl |
1. mai | * | Gaukmesse, vesle gangdagen | Gauk, dobbel kross |
3. mai | * | Krossmesse om våren | Stor kross |
15. mai | * | Hallvardsmesse, Hallvardsvaka, hallsok | Møllestein, prikkar (såkorn) |
18. mai | Eriksmesse | Aks, sverd, krone | |
22. mai | * | Bjørnevòk | Bjørnefot, bjørn, bispelue |
25. mai | * | Urbanus | Møkkagreip |
3. juni | * | Skoklefallsdagen, rasmusdagen | Bur |
8. juni | Medardus og Gilardus | Fiskekrok | |
9 .juni | * | Kolumbamesse, Kolbjørn med laksen | Fisk |
17. juni | * | Botolvsmesse, botsok | Bispestav, kross |
21. juni | Sommarsolkverv | Sol | |
22. juni | * | Dei ti tusen riddarar, dei ti tusen martyrar | Timeglas |
24. juni | * | Jonsok, Jonsmesse, Sankt Hans | Sol, timeglas |
29. juni | * | Persok, Petersmesse, Peter med gullnøkkelen | Nøkkel, blome |
2. juli | * | Syftesok | Bispestav |
8. juli | * | Tredjevaka, Kjell fut, Kjell sviebygg, Seljumesse, Sunniva Virginis | Ljå |
10. juli | * | Knut med ljåen, knutsok, kong Knut, Knutsmesse | Krone, rive, ljå |
12. juli | Kari med riva | ? | |
14. juli | * | Midtsommar | Sol, strek tvers gjennom primstaven |
20. juli | * | Marit vassause, Margretemesse, Mari(t)messe | Hjul, «M», krossar med glorie |
22. juli | * | Mari stol, magdalidagen, magdalimesse | Krone med krossar, beger |
25. juli | * | Jakob våthatt, Jakobsmesse | Krossar, sverd, hatt |
29. juli | * | Olsok, Olavsvaka (for Sankt Olav) | Øks (Olavsøks eller Olavsbile) |
1. august | Peters lenkjer, Peder vindfells dag, Per vinkel | Nøkkel | |
3. august | Olsok siare, vesle olsoken, Translatio Olavi | Øks (mindre enn olsokøksa) | |
10. august | * | Larsok, Lavransvaka (for Sankt Laurentius) | Rist |
15. august | * | Marimesse om hausten, våre frue dyre, Marias himmelfart | Krone eller kvinnefigur |
24. august | * | Barsok, Bartholomeusmesse, bardonsok, Berdon bukkekniv, Bertel brytestrå | Øks, kniv eller ein kross |
29. august | * | Johannes halshogg, Vergismesse, Andre barsok | Sverd (verje) |
1. september | * | Eidismesse, Kvernknarren | To kvernsteinar, kross |
8. september | * | Morsmesse, marimesse siare | Krone, «M», sauesaks |
14. september | * | Krossmesse om hausten | Kross |
21. september | * | Mattismesse haust, Mattheusmesse, Mattisdag, (haustjamdøger) | Øks |
29. september | * | Mikkjelsmesse, mikeli | Lur, vekt |
4. oktober | * | St. Frans, Fransiscus | Halvkross |
7. oktober | * | Britemesse | Bok, hus |
9. oktober | Dinesmesse, Deinets dag | Fisk, flagg, bispestav |
Dato | Merkedag | Merkenamn | Primstavmerke |
---|---|---|---|
14. oktober | * | Vinterdag, vinternettene, vinternatt | Tre utan blad, (pave)hanske |
18. oktober | Lukasmesse, Lukas våtmann | Krossar, okse, slaktebenk | |
21. oktober | * | Jomfrudagen, Ursula | Kvinnefigurar, krone, pil, palme, ring |
28. oktober | * | Simonsmesse, Simon og Judas | Krossar med to sett armar, grein med to blad |
1. november | * | Helgemesse, Allehelgensdag, aldermesse | Krossar, omvendt skip |
2. november | * | Alle sjelers dag | Menneskefigur |
11. november | * | Mortensmesse, Mortensdag | Gås, bispestav |
21. november | Marioffer (Presentatio Mariae) | Hovud med krone eller glorie | |
23. november | Klemetsmesse, båtsok, Klemet kyrkjebyggjar, Klemet saueskjerar | Ankar, kyrkje, pavekrone | |
25. november | * | Karimesse, Karenmesse, Kari med rokken | Sverd, krossar, hjul |
30. november | * | Andersmesse, Anders fiskar | Andreaskross, revesaks, fiskekrok |
4. desember | * | Barbromesse, Barbara | Krossar, tårn, sverd, «B» |
6. desember | * | Nilsmesse, Nikolausdagen, Nicolaus biskop | Bispelue, bispestav, «N» |
8. desember | Maria unnfangelsesdag, vår frue ventedør | Krona hovud, bok | |
9. desember | * | Anna matris Mariae, Anna røytrauv, (Anna) pissihose, Annadagen | Kvinnehovud |
13. desember | * | Lussimesse, Lussinatt, Luciadagen | Bål, ljos |
21. desember | Tomasmesse, Tomas bryggar | Tynne, krossar, hand | |
22. desember | * | Vintersolkverv | Sol |
23. desember | * | Tollesmesse, Sjursmesse, vesle julaftan, vaskenatt | Halvkross |
25. desember | * | Juledag, Natalis Christi | Drikkehorn, kandelaber, tynne, sol |
28. desember | * | Barnedag, barnemesse | Lite kross, (sverd) |
1. januar | * | Nyårsdag, åttandedagen | Solhjul, timeglas, kyrkje |
6. januar | * | Heilage tre kongar, trettandedagen | Tre krossar, tre kroner, tre menn |
7. januar | * | Eldbjørgdagen, ildbergingsdag, St. Knut | Kross |
11. januar | * | Brettemesse, brokkismesse, brykkesmesse | Øks, hest |
12. januar | Midtvinter, hǫkunótt | Prikkar (snø) | |
13. januar | * | Tjuandedag jul, Tjuandedagen, Knutsdag, avfaredag, gamle nyårsdagen | Øks, klokke, tynne, omvendt drikkehorn |
17. januar | * | Antonsmesse | Krossar, gris |
20. januar | * | Brødremesse | Øks, to pilar i kross |
25. januar | * | Pålsmesse, Pål med bogen, Pål skyttar | Bue, sverd, fisk |
2. februar | * | Kyndelsmesse, kindermesse, kjærmesse, lysene sine messe, missa candelarum | Sjuarma lysestake, lilje, krona hovud |
3. februar | * | Blåsmesse, Blåsius | Horn, båt for fulle segl |
5. februar | Ågotsmesse, musedagen | Mus, kross | |
22. februar | * | Peters stol, Per varmestein, Per heitstein | Nøkkel, stein |
24. februar | Mattismesse vår, Mattis | Øks, (omvendt) «M» | |
9. mars | Dei førti riddarar | Halv sol | |
12. mars | * | Gregormesse, Gregoriusdagen, Gregusmesse, Groårsmesse | Fugl (duve) |
17. mars | * | Gjertrudsmesse, Gjertrudsdagen | Rokkesnelle, lilje, bjørkekvist, kapell |
18. mars | Petrus martyr, Per pekk i vatn | Pigghakke | |
21. mars | * | Bendiksmesse, Bendik/Bent prøvesvin, (vårjamdøger, jamvår) | Halv kross |
25. mars | * | Marimesse om våren, vårfrumesse, Maria bodskapsdag, vårmesse | Krone, kvinnefigur, hovud, tre |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.