![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b4/%25D0%259F%25D1%2580%25D0%25B8%25D0%25BB%25D0%25B5%25D0%25BF-%25D0%25BF%25D0%25B0%25D0%25BD%25D0%25BE%25D1%2580%25D0%25B0%25D0%25BC%25D0%25B0.jpg/640px-%25D0%259F%25D1%2580%25D0%25B8%25D0%25BB%25D0%25B5%25D0%25BF-%25D0%25BF%25D0%25B0%25D0%25BD%25D0%25BE%25D1%2580%25D0%25B0%25D0%25BC%25D0%25B0.jpg&w=640&q=50)
Prilep
From Wikipedia, the free encyclopedia
Prilep (makedonsk Прилеп; tyrkisk Pirlepe eller Perlepe; arumensk Parleap; gresk Περλεπές, Perlepes, eller Πρίλαπο, Prilapo) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Topoltsjani og Vitolisjte vart innlemma i kommunen.
Meir informasjon Prilep Прилеп, Styresmakter ...
Prilep Прилеп | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Pelagonia | ||
Borgarmeister | Marjan Risteski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 1 194,44 km² | ||
Flatevidd - By |
1 194,44 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
69 025 57,79/km² | ||
Koordinatar | 41°20′40″N 21°33′10″E | ||
Høgd over havet | +620 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 7500 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 048 | ||
Heimeside: prilep.gov.mk | |||
Plassering | |||
![]() |
Lukk
Kommunen har eit areal på 1 194,44 km2. I 2021 hadde kommunen 69 025 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 63 308 innbyggjarar.[1]
Prilep er kjend som «byen under Marko sine tårn» sidan han ligg nær tårna til den legendariske helten kong Marko.
Prilep ligg nord på sletta Pelagonia sør i landet og er sete i kommunen med same namn. Prilep ligg 128 km frå hovudstaden Skopje, 44 km frå Bitola og 32 km frå Krusjevo.