![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/Stone_Bridge_Skopje_4.jpg/640px-Stone_Bridge_Skopje_4.jpg&w=640&q=50)
Skopje
hovudstaden i Nord-Makedonia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skopje (makedonsk Скопје, tyrkisk Üsküb) er hovudstaden og den største byen i Nord-Makedonia med meir enn ein fjerdedel av innbyggjarane i landet. Byen er det politiske, kulturelle, økonomiske og akademiske senteret i landet. I romartida vart staden kalla Scupi. Byen utvikla seg raskt etter den andre verdskrigen, men utviklinga vart brått stogga i 1963 då byen vart råka av eit særs kraftig jordskjelv. I dag er Skopje ein moderne storby med fleire interessante historiske monument.
Skopje Скопје | ||||
---|---|---|---|---|
![]() | ||||
| ||||
Styresmakter | ||||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Skopje | |||
Borgarmeister | Trifun Kostovski | |||
Geografi | ||||
Flatevidd | 571,46 km² | |||
Flatevidd - By |
571,46 km² | |||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
526 502 887/km² | |||
Koordinatar | 42°0′N 21°26′E | |||
Høgd over havet | 240 m | |||
Tidssone | CET (UTC+2) | |||
Diverse anna | ||||
Postnummer | 1000 | |||
Telefon-retningsnummer | 02 | |||
Bilnummer | SK | |||
Heimeside: skopje.gov.mk | ||||
Plassering | ||||
![]() |
Byen ligg på breidda av elva Vardar og mellom fjella Vodno og Skopska Crna Gora. Ein av dei viktige hovudfartsårene mellom Sentral-Europa og Aten går gjennom byen. Byen er 8 km brei og 32 km lang og har 506 926 innbyggjarar (2002, forstader medrekna).
Han er eit stort industrisenter for produksjon av metall, kjemiske stoff, tømmer, tekstilar, lêr og trykking, men har hatt mange nedleggingar etter 1991. Den industrielle utviklinga i byen har òg ført med seg utvikling av handels- og banksektoren, i tillegg til at ein har lagt vekt på kultur og sport.