Poppelslekta (Populus) er ei slekt av lauvfellandeplantar i vierfamilien. Ho omfattar mellomstore til store lauvtre som veks i dei fleste delar av den nordlege halvkula.
Blada på mange av artane har lateralt flattrykte bladstilkar, noko som gjer at blada lett dirrar i vinden. Dette kan få heile treet til å sjå ut som om det skjelv.
Kjempepoppel (Populus trichocarpa) var det første treet som fekk heile DNA-koden sin kartlagt. Dette blei kunngjort i Science i september 2006.[1]
Den einaste poppelarten som veks naturleg i Noreg er osp, men fleire andre artar er blitt planta i landet.
Nokre av desse kan ta over frå andre plantar, og er blitt svartelista av Artsdatabanken. Dette gjeld særleg balsampoppel og berlinerpoppel.
[2]
Andre artar av poppel er blitt ein ikkje-invaderande del av norsk natur. Dette gjeld til dømes svartpoppel og sølvpoppel.[3]
Poppelslekta er tradisjonelt blitt delt inn i seks seksjonar på grunnlag av utsjånaden til blad og blomar.[4][5] Denne klassifiseringa følgjer under. Nyare genetiske studiar har i stor grad støtta opp om dette, og har også bekrefta aningar om hybridisering mellom gruppene. Nokre av artane under har ulikt slektskap i kjerne-DNA (arva frå farslinja) og kloroplast-DNA (arva frå morslinja), ein klar indikasjon på eit truleg hybrid opphav.[6] Hybridisering er framleis vanleg i slekta, og det finst fleire hybridar mellom artar frå dei ulike seksjonane.[7][8]
Utvalde artar
Artar der norsk namn er ukjend har engelsk namn i kursiv.
Hamzeh, M., & Dayanandan, S. (2004). Phylogeny of Populus (Salicaceae) based on nucleotide sequences of chloroplast TRNT-TRNF region and nuclear rDNA. Amer. J. Bot. 91: 1398-1408. Available online
Eckenwalder, J.E. (2001). «Key to species and main crosses». I D.I. Dickmann; J.G. Isebrands; J.E. Eckenwalder; J. Richardson. Poplar culture in North America. Ottawa: NRC Research Press. s.325–330. ISBN978-0-660-18145-5.