From Wikipedia, the free encyclopedia
«Polk Salad Annie» er ein song frå 1968 av Tony Joe White. Han vart spelt inn i Muscle Shoals. Teksten skildrar ei fattig landsbyjente i Sørstatane i USA og familien hennar. Matretten som songen handlar om, polk salad, vert ofte òg skrive «poke salad» og heiter på norsk kermesbær. Singelen nådde åttandeplassen på singellista i USA i 1969.
Polk Salad Annie Singel av Tony Joe White | ||
B-side |
Aspen Colorado | |
---|---|---|
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | 1968 i Muscle Shoals | |
Sjanger | Swamprock | |
Lengd | 3:37 | |
Selskap | Monument Records | |
Tekstforfattar | Tony Joe White | |
Låtskrivar(ar) | Tony Joe White | |
Produsent | Billy Swan | |
Tony Joe White-kronologi | ||
«Soul Francisco» (1969) |
Polk Salad Annie | «Roosevelt and Ira Lee» (1969)
|
Singelen, som kom ut i 1969 på Monument Records[1] hadde vore ute i ni månader før han omsider nådde lista. Plateselskapet hadde då avskrive singelen som mislukka. White sa: «Plateselskapet hadde gjeve singelen opp, men folk i Texas heldt fram å kjøpe plata. Så vi sendte meldingar opp til Nashville 'Send oss tusen til denne veka.' Dei sendte oss desse 'Ikkje til sals'-platene, så me måtte sitje der og stryke ut 'Do Not Sell' og sende dei ut til platebutikkane. Alle desse butikkane i Sør-Texas ringte oss stadig og sa 'Me treng fleire' Så me berre fortsette. Til slutt var det ein fyr i L.A. som plukka opp plata og fekk han over dit. Hadde ikkje det skjedd hadde 'Polk' vorte tapt for alltid.»[2]
Sallet er eit gammalt engelsk ord som tyder «kokte grønsaker» og bør ikkje mistolkast som «salad». Faktisk har det vore mange tilfelle av matforgifting på grunn av denne språkfeilen. Plateselskapet kalla songen «salad», medan retten i røynda er ein «sallet».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.