Planckkonstanten (skriven h) er ein fysisk konstant som vert nytta til å skildre storleiken på kvanta i kvantemekanikken. Han er kalla opp etter Max Planck, ein av pionerane innan kvanteteori. Planckkonstanten vart først oppdaga som den proporsjonale konstanten mellom energien (E) til eit foton og frekvensen til den tilknytte elektromagnetiske bølgja (ν). Dette forholdet mellom energi og frekvens vert kalla Planckforholdet eller Planck–Einstein-likninga:

Meir informasjon h-verdiar, Einingar ...
h-verdiar Einingar
6.62606896(33)×1034J·s
4.13566733(10)×1015eV·s
6.62606896(33)×1027erg·s
ħ-verdiar Einingar
1.054571628(53)×1034J·s
6.58211899(16)×1016eV·s
Lukk
Ein plakett på Humboldt universitet i Berlin til minne om Max Planck

Sidan frekvensen ν, bølgjelengda λ og lysfarten c er knytt til kvarandre via νλ = c, kan Planckforholdet òg skrivast som:

Louis de Broglie utvida tydinga av Planckkonstanten til å ikkje berre gjelde forholdet mellom energi og kvantebølgjelengda til eit foton, men tilsvarande forhold for alle partiklar.

Ein nært knytt konstant er den reduserte Planckkonstanten, stundom kalla Dirackonstanten. Han er lik Planckkonstanten delt på (eller redusert med) 2π og skrive ħ ("h-bar"):

Den reduserte Planckkonstanten vert nytta når frekvensen er uttrykket med radianar per sekund istaden for syklusar per sekundvinkelfrekvens»). Energien til eit foton med vinkelfrekvens ω er gjeven ved

Planck la fram ein hypotese (som seinare viste seg å vere rett) at under visse tilhøve, så ville ikkje energien få ein tilfeldig verdi. I staden for måtte energien vere ein multippel av ein særs liten storleik (seinare kalla «kvantum»). Dette er ikkje intuitivt i kvardagen, der det er mogeleg «å gjere nok litt varmare», eller «flytte noko litt raskare», fordi energi-kvantum er veldig, veldig små i forhold til det menneske opplever til dagleg. Planck fann ut at det er umogeleg å forklare enkelte fenomen utan å akseptere at energi er diskret, altså han finst berre i heiltalig multiplum av ein grunnverdi.

Sjå òg

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.