From Wikipedia, the free encyclopedia
Plagioklas er ei fellesnemning for blandingsrekka mellom albitt og anortitt (kalknatronfeltspat), og er ei triklin feltspat-gruppe som utgjer ein viktig bestanddel av ei rekkje bergartar. Bergarten anortositt består nesten utelukkande (<90%) av anortitt-rik feltspat.
Plagioklas | |||
Eit fotomikrograf av eit plagioklas krystall under krysspolariset lys. Plagioklaskrystallet syner ein tydeleg banda effekt kalla ein polysyntetisk tvilling. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Feltspat mineral group, tectosilikat | ||
Kjemisk formel | NaAlSi3O8 – CaAl2Si2O8 | ||
Krystallsymmetri | Triklinsk pinakoidal H-M-symbol: (1) Romgruppe: C1 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, grå, blåkvit, raudaktig kvit, grønaktig kvit | ||
Krystallform | Massiv til korna | ||
Krystallsystem | Triklinsk | ||
Tvilling | Vanleg, albitt-lov striper på {001}[1] | ||
Kløyv | god på {001} og {010} | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 6 - 6.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.62 (albitt) til 2.76 (anortitt)[1] | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) albitt, Toaksa (-) anortitt[1] | ||
Brytingsindeks | Albitt: nα 1.527, nβ 1.532 nγ 1.538 Anortitt: nα 1.577 nβ 1.585 nγ 1.590[1] | ||
Oppløyselegheit | Albitt uoppløyseleg i saltsyre, anortitt bryt ned i saltsyre [1] | ||
Kjelder | [2] |
Plagioklasar kan som oftast skiljast frå alkalifeltspat ved ei karakteristisk tvillingstriping på spalteflatene. Dei utgjer ein blandkrystallserie mellom dei to endeledda albitt (natronfeltspat), NaAlSi3O8) og anortitt (kalkfeltspat, CaAl2Si2O8). Serien vart tidlegare delt inn etter innhaldet av albitt/anortitt i seks ledd: albitt, oligoklas, andesin, labradoritt, bytownitt og anortitt. Ved høg temperatur er det er det fullt mogeleg å blande mellom dei to endeledda, men ved lågare temperatur kan det skje ei avblanding i to fasar.
Kalsiumrik plagioklas vert kalla basisk plagioklas.
«plagioklas» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.