Pforzheim
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pforzheim er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 116 000 innbyggjarar. Byen ligg ved starten av Schwarzwald og er kjend for smykke- og klokkeindustrien. På grunn av dette har han fått kalla namnet «Goldstadt» eller «Gullbyen». Byen ligg mellom byane Stuttgart og Karlsruhe der dei tre elvane Enz, Nagold og Würm renn saman, og markerer grensa mellom Baden og Württemberg, men ligg i området Baden.
Pforzheim | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Karlsruhe Kreisfri by |
Først nemnd i | 1067 |
Ordførar | Gert Hager (SPD) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
98,03 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
116 425 1 188/km² |
Koordinatar | 48°24′0″N 9°59′0″E |
Høgd over havet | 261 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 75172–75181 |
Telefon-retningsnummer | 07231, 07234 |
Bilnummer | PF |
Heimeside: www.pforzheim.de |
Pforzheim er ein kreisfri by, men er samstundes administrativt sete for landkreisen Enz, som ligg rundt byen.
Under den andre verdskrigen vart byen bombardert fleire gonger. Det kraftigaste bombeåtaket, og eit av dei mest øydeleggjande under heile krigen vart utført av Royal Air Force (RAF) kvelden 23. februar 1945. Om lag ein fjerdedel av innbyggjarane, meir enn 17 000 menneske, mista livet, og om lag 83 % av bygningane vart øydelagt. Dei allierte meinte at byen produserte presisjonsinstrument for tyskarane og var eit transportsenter for tyske troppar.
Etter krigen vart all stein og betong frå dei øydelagde bygningane samla i saman i ein stor haug utanfor byen, som òg vart gjort i Stuttgart og München. Ein bygning kalla Wallberg vart reist som eit betonglokk over denne haugen, som etter kvart har vorte dekt av jord og vegetasjon. I løpet av tjue år etter krigen vart Pforzheim gradvis gjenoppbygd og har fått ein meir moderne utsjånad.
Historisk går byen tilbake til romartida og ein busetnad frå om lag år 90 e.kr. I 1080 fekk han byrettar (ty. Marktrecht).
I 1888 var Pforzheim målet for den første bilturen på ein landeveg då Bertha Benz (utan ektemann Carl Benz) tok meg seg dei to sønene sine på ein tur frå Mannheim - ei meir enn 60 km lang reise ein veg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.