From Wikipedia, the free encyclopedia
Pete Townshend (fødd 9. mai 1945 i Chiswick i England) er ein engelsk rockegitarist, songar, låtskrivar og forfattar som hovudsakleg er kjend som gitarist og låtskrivar i The Who. Han har ei karriere som har vart over 40 år og leia bandet gjennom ein periode då bandet vart eit av dei viktigaste påverknadskjeldene i rockehistoria. The Who er òg kjend som eit av dei beste konsertbanda nokon gong.[1]
Pete Townshend | |||
Pete Townshend gjer «vindmølla», som han har gjort kjend. | |||
Fødd | 9. mai 1945 i London i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Fødenamn | Peter Dennis Blandford Townshend | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1961 - | ||
Sjanger | Rock, hardrock | ||
Instrument | Gitar, piano, synthesizer, vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | The Who | ||
Plateselskap | Polydor, MCA Records | ||
Verka som | Musikar | ||
Far | Cliff Townshend | ||
Gift med | Karen Townshend | ||
Prisar | Kennedy Center Honors |
Townshend vart den viktigaste låtskrivaren for The Who, og skreiv over hundre songar for dei elleve albuma deira, inkludert rockeoperaene Tommy og Quadrophenia, samt albumet Who's Next, samt mange fleire songar gjeve ut på singlar, bonusspor og samlingar. Han har òg skrive over hundre songar for soloalbuma sine. Sjølv om han hovudsakleg er kjend som gitarist, er han òg ein habil songar og pianist, og han speler fleire andre instrument på soloalbuma, som banjo, trekkspel, synthesizer, piano, bass og trommer. Av musikkmagasinet Rolling Stone er han kåra til den 50. beste gitaristen gjennom tidene.
Han har òg skrive mange artiklar for aviser og magasin, bokmeldingar, essay, bøker og manuskript.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.