Perovskitt er eit relativt sjeldan mineral på jordoverflata. Farge gul, brun eller svart. Det krystalliserer rombisk (pseudokubisk) og er eit kalsiumtitanoksid med formel CaTiO3. Det er funne i syenittpegmatitt ved Langesundsfjorden og i Nordland.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
Perovskitt
Thumb
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelCaTiO3
Strunz-klassifisering04.CC.30
Identifikasjon
Molekylvekt135.96
FargeSvart, raudbrun, bleik gul, gulaktig oransje
KrystallformPseudokubisk – krystallar syner kubisk kontur
KrystallsystemOrtorombisk (2/m 2/m 2/m) Romgruppe: Pnma
Tvillingkomplekse penetrerande tvillingar
Kløyv[100] god, [010] god, [001] god
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala5–5.5
GlansDiamantaktig til metallisk; kan vere matt
Strekfargegråaktig kvit
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3.98–4.26
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα=2.3, nβ=2.34, nγ=2.38
Andre eigenskaparikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk
Kjelder[1][2][3][4][5][6][7][8]
Lukk

Perovskitt vart først skildra i 1839 frå ein førekomst Atsjmatovsk-gruva i Nazyamskijefjella i Tsjeljabinsk oblast i Uralfjella i Russland. Mineralet vart namngjeve av Gustav Rose etter den russiske mineralogen Lev Perovski (1792–1856).[2][9]

Liknande mineral

Dysanalytt er ein niobhaldig varietet, medan loparitt inneheld lantanoider og natrium i staden for kalsium (kjent frå syenittpegmatitt i Lågendalen ved Larvik).

Magnesiumsilikat med formel MgSiO3er kjent i naturen som pyroksenmineralet enstatitt . Ved høge trykk vil denne og òg olivingruppas samansetjing (Mg,Fe)Si2O4kunne opptre med perovskittstruktur, og ein slik fase blir anteke å vere utbreidd i Mantelen til jorda i eit djup frå 660 KM og nedover. Perovskitt antakast å dominere gjennom Jorda si indre mantel heilt ned til eit par hundre kilometer over grensa mot jordkjernen og oppfattast i dag som jordklodens mest utbreidde mineral.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.