norsk poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Per Sivle (6. april 1857–6. september 1904) var ein norsk diktar, redaktør og journalist. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877,[1] sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887).[2]
Per Sivle | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. april 1857 Flåm |
Død |
6. september 1904 (47 år) |
Yrke | Forfattar, redaktør og journalist |
Sjanger | lyrikk |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Ektefelle | Wenche Sivle |
Debut | En digters drøm. Tidsaanden tilegnet, 1878 |
Per Sivle på Commons |
«Dan fyrste songen, eg høyra fekk |
Per Sivle vart fødd i Flåm i Aurland i Sogn og Fjordane fylke.[4] Mora, Susanna Andersdtr Ryum, var tenestjente, og faren Erik Hansson Sivle var omreisande heste- og fehandlar.[5] Dei busette seg som innerstar på Stalheim i Voss. Mora døydde på barnseng då Per var to og eit halvt år gammal,[6] og Per voks opp hjå i fosterheim hos slektningar på nabogarden Brekke.[7] Per heldt kontakten med faren, og kunne følgje med når faren var ute på handelsferder.[8]
Per Sivle gjekk Sogndal folkehøgskule to vintrar (1874-75) og tok mellomskuleeksamen i Kristiania 1876 før han begynte i gymnasklasse på Aars og Voss' skule i Oslo. Etter ein nervesjukdom, som han kom til å bli plaga med resten av livet, måtte han avbryte utdanninga det siste gymnasåret.[9]
Han gifta seg 1. august 1887 med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. Dei fekk dottera Susanna i 1888.[10]
«Jau,
Opningslinene i Sivle-Stubbar (1895) |
Den første boka hans var En Digters Drøm (1878), utgjeven under psevdonymet Simon de Vita. Året etter gav han ut diktsamlinga Digte. Desse bøkene er prega av pietistisk forkynning.
Sjukdom og tvil leidde Per Sivle ut i ei religiøs krise. Men snart engasjerte han seg ut i politikken som redaktør for to Venstre-aviser. Han redigerte Buskeruds Amtstidende i 1883-84. Etter tre år i Danmark var han så redaktør for Kristianiaposten (1887-91). Sidan forsøkte han å livnære seg som diktar.
Boka Sogor, som kom i 1887, inneheld barne- og dyreskildringar med både logn humor og djupe kjensler. Sidan følgde Blandet Selskab (1891), Streik (1891) som vart omsett til svensk (1892) og tysk (1915), og Folk og Fæ (1898).
Sivle synte seg som ein meisterleg humorist og folkelivsskildrar i dei folkelege bøkene Vossa-Stubba (1887), Nye Vossa-Stubbar (1894) og Sivle-Stubbar (1895). Desse stubbane er fortalde på vossamål.
Dei mest verdsette diktsamlingane hans er Noreg (1894), Bersøglis- og andre Viser (1895), Skaldemaal (1896), En Fyrstikke og andre Viser (1897) og Olavskvæde (1901). I den nasjonale reisinga nordmennene opplevde før unionsoppløysinga i 1905, vart Per Sivle med sine verk blant oppsongarane. I dikt med emne henta frå den norske soga gjorde han fortida til inspirasjon i unionsstriden. Desse dikta vart henta fram att under okkupasjonen 1940-45.
Dei personlega dikta hans svinga mellom undergangsstemningar og aktiv livstru. Dikta er skrivne med fast, hoggande rytme. Per Sivle skreiv både riksmål og landsmål, og det skal vere innanfor landsmålsdiktinga ein kan finne det mest verdfulle.[12]
«Det eingong fall Noreg den Tanke inn: |
Per Sivle fekk statens diktarstipend fem gonger i 1890-åra etter løyving frå Stortinget. Han mista stipendet i 1904. Han var sjuk og vart særs nedbroten etter avgjerda. Ei tid før han døydde, synte han venen Anders Hovden manuskriptet til songen «Ja, no skal Noreg ha takk fyr meg».[14] 6. september 1904 forlet han leiglegheita si med ei helsing liggande i nattbordsskuffa: «Jeg vilde ei leve, men turde ei dø - og levede livet som før. Nu vil eg ei dø, men tør ikke leve - og - dør.»[15] 1904. Han tok ein revolver med seg på Christiania bad i Vika, og enda livet sitt der.[16] Han ligg gravlagd på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, der soknestyret har gjort vedtak om å kosta tilsynet med og vedlikehaldet av gravstaden.[15]
«Og so skal daa Noreg ha Takk fyr meg.
Siste verset i «Eit ord» (1904) (Ja, no skal Noreg ha Takk fyr meg) [13] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.